Historisk arkiv

Etablerer kompensasjonsordning for pakkereiser og styrkjer handsaminga av forbrukarklager

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa vil løyve 75 millionar kroner til ei mellombels statleg kompensasjonsordning for avlyste eller avbestilte pakkereiser. Løyvinga til Forbrukartilsynet blir òg føreslått auka med 10 millionar kroner, for å styrkje handsaminga av forbrukarklager.

– Kompensasjonsordninga skal omfatte reisande som har kjøpt ei pakkereise før regjeringa innførte reiserestriksjonar den 14. mars 2020, og som ikkje har fått dekt krava sine om tilbakebetaling fordi pakkereisearrangøren har gått konkurs, seier forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Då koronapandemien kom, blei svært mange pakkereiser avlyste som følgje av reiserestriksjonar. Heile marknaden for pakkereiser forsvann. Mange forbrukarar fekk att forskotsbetalingane sine, enten frå arrangøren eller forsikrings- eller kredittkortselskapet. Andre har fått tilgodelappar eller rett til ei ny reise når det blir mogeleg.

Ein del forbrukarar har likevel enno ikkje fått att forskota sine, fordi arrangøren har gått konkurs. Dersom konkursen skjedde før pakkereisa blei avlyst, har dei rett til dekning frå Reisegarantifondet.   

Ikkje omfatta av reisegarantien

Det har vore tvil om reisegarantien arrangøren har stilt kan nyttast til å dekkje krav frå dei reisande når reisa er avlyst eller avbestilt som følgje av koronapandemien, og arrangøren går konkurs før forskotet er tilbakebetalt. Departementet legg no til grunn at det europeiske pakkedirektivet, som Noreg er bundne av, må tolkast slik at reiser som er avbestilte eller avlyste før konkursen, ikkje er omfatta av reisegarantien.

– Mange tykkjer det er urimeleg at retten til å få dekning frå reisegarantien er avhengig av om pakkereisa er avlyst før eller etter tidspunktet for konkursen under ein global pandemi. Det er derfor regjeringa no føreslår denne midlertidige kompensasjonsordninga for dei som hadde kjøpt ei reise da pandemien kom, seier Ropstad.

Regjeringa føreslår å løyve 75 millionar kroner til sjølve ordninga, og 3 millionar kroner til å forvalte ho.

Auka kapasitet hos Forbrukartilsynet

Regjeringa føreslår òg ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner til Forbrukartilsynet, fordi sakshandsamingstida i den seinare tida har auka. Tilleggsløyvinga skal nyttast til å auke sakshandsamingskapasiteten.

– Auken i sakshandsamingstida kjem av at forbrukarane klagar meir no under pandemien, mellom anna på grunn av auka netthandel, kanselleringar og endringar i avtalar om trening, kultur- og sportsarrangement. I tillegg har omorganiseringa av forbrukarapparatet ført med seg ein mellombels reduksjon i ressursane til sakshandsaming, seier Ropstad.

I mange forbrukartvistar er det viktig at partane får ei rask avklaring. Det er derfor viktig at ordninga for forbrukarklager er effektiv, og fungerer som eit godt og enkelt alternativ til domstolane.