Historisk arkiv

Får 2,3 millionar til å greie ut samanslåing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk får 2,3 millionar kroner til å sjå på moglegheitene for å slå seg saman med andre høgskolar eller universitet.

Den siste tida har fleire høgskolar og universitet blitt slått saman som del av den store strukturreforma i høgare utdanning. Kunnskapsdepartementet meiner det er bra at også Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk (HiM) vil greie ut moglegheitene for å slå seg saman med andre. 

– Ved at høgskolar og universitet slår seg saman, står dei sterkare. Det gjer at dei kan tilby utdanning av enda høgare kvalitet og sterkare fagleg fellesskap for dei tilsette. Vi meiner det er veldig fornuftig at HiM no vil gjennomføre ei utgreiing av korleis verksemda i Molde bør utviklast vidare, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad. 

Styret ved høgskolen har sjølv sagt at den viktigaste oppgåva i 2017 blir å ta ei endeleg avgjerd på kva dei vil vidare med tanke på moglege samanslåingar. 

– Dette arbeidet ønsker regjeringa å støtte med 2,3 millionar kroner. Eg håper Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk no vil ha gode og grundige prosessar når den skal sjå på ulike alternativ for vegen vidare for høgskolen, seier Haugstad.

Samanslåing med NTNU er eit av alternativa Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk har peikt på som ein moglegheit, og som den ønsker å sjå nærare på. 

– Det blir interessant å sjå kva ei slik utgreiing viser, men også andre alternativ bør vurderast. Ei eventuell samanslåing av HiM og ein annan institusjon bør uansett ha som mål å gi betre kvalitet, og å gjere den viktige rolla høgskolen har i samfunnet enda tydelegare, presiserer Haugstad.