Fekk innspel om kulturell og kreativ næring

Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring leverte måndag nye forslag til tiltak som kan styrke næringa og bidra til auka verdiskaping.

- Korleis vi kan skape lønsame arbeidsplasser i denne næringa er spesielt viktig no som Noreg er i ein naudsynt omstillingsprosess. Vi skal vurdere innspela deira grundig , seier næringsminister Monica Mæland.

Saman med kulturminister Linda Hofstad Helleland har ho teke imot innspela frå rådet.

Les innspela her. 

- Kunst og kreativitet kan bidra til den omstillinga norsk økonomi no står ovanfor, både direkte via kulturell og kreativ næring og indirekte som innsatsfaktor i næringslivet, seier Helleland.

Rådet foreslår mellom anna endringar i reglane for opsjonsskattelegging og i reglane for enkeltpersonføretak. Rådet oppmodar og regjeringa om å gje kulturell og kreativ næring ei større rolle i merkevarebygginga av Noreg.

- Eg konstaterer at forslaga gjeld fleire statsrådar sine område. Vi vil difor involvere fleire departement i vurderingane, legg Mæland til.

Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring er oppnemnd av regjeringa, og er breitt samansett av menneske med god kjennskap til ulike deler av den kulturelle og kreative næringa. Rådet vart oppnemnd for to år i juni 2015. Dette er rådet sitt andre innspel til regjeringa.