Fire millionar kroner til språktiltak

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet lyser ut fire millionar kroner i prosjektmidlar til oppfølging av språkmeldinga. Dei fire millionane kjem i tillegg til eigne midlar Språkrådet forvaltar for å samle inn stadnamn.

- Språket er vårt viktigaste kulturuttrykk og identitetsmerke. Eg ønskjer med denne utlysinga å stimulere til prosjekt som kan medverke til å sikre posisjonen til det norske språket som samfunnsberande språk. Vi vil òg vurdere søknader som gjeld nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Målet med utlysinga er å styrkje norsk språk, minoritetsspråka i Noreg og norsk teiknspråk. Det kan søkjast støtte til alle slags tiltak som kan medverke til dette. Sjå utlysingsteksten for meir informasjon.

Frå tidlegare år ser vi at mange prosjekt er langsiktige og går over fleire år. Det er stor geografisk spreiing i søknadene. Blant søkjarane i fjor var språkorganisasjonar, universitet og høgskular, forlag, frivillige organisasjonar, stiftingar og aktørar i kommunal sektor.