Presseinvitasjon:
Fiskeriministeren til Fredrikstad
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet
Pressemelding | Dato: 22.06.2018
Fiskeriminister Per Sandberg besøker Nordic Aquafarms i Fredrikstad måndag 25. juni.
- Det er utruleg mykje spanande som skjer i oppdrettsnæringa, og prosjektet i Fredrikstad er eit godt eksempel. Oppdrett på land er framleis nytt og i ein tidleg fase, men kan bli eit viktig supplement til anlegg i sjøen. Skal vi nå måla om forsvarleg og berekraftig produksjon av laks, må vi ta i bruk ny teknologi og nye løysingar, seier fiskeriminister Per Sandberg.
Nordic Aquafarms er ein pioner innan storskala landbasert akvakulturproduksjon. Bedriften held for tida på å konstruere det største anlegget i Europa for lakseoppdrett på land.
Med oppdrett på land i lukka system har ein god kontroll på miljøet som fisken veks opp i, og på miljøverkinga frå produksjonen.
Nordic Aquafarms AS har allereie produksjon på land i Danmark. Sidan etableringa i 2014 har Nordic Aquafarms utvida verksemda si internasjonalt og dei satsar for tida stort i USA.
- Eg gler meg til å besøke Nordic Aquafarm og til å få eit nytt innblikk i innovasjonen som går føre seg i sjømatnæringa. Dessutan er eg opptatt av høyre kva for utfordringar næringa har, og om det er tilhøve på regelverksida som det er verdt å sjå nærare på, seier Sandberg.
Når: Måndag 25. juni kl. 11
Kor: Nordic Aquafarm, Øraveien 2, Gamle Fredrikstad.