Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Fiskeriministeren til Rørvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Skulebesøk, opning av ny kysthavn og møte med fiskerinæringa står på programmet når fiskeriminister Per Sandberg besøker Rørvik tysdag 29. mai.

Sandberg skal mellom anna besøke Ytre Namdal vidaregående skule. Tema er kva slags kompetanse fiskeri og havbruk vil spørje etter i framtida. Representantar frå Utdanningsdirektoratet, Val vidaregåande skule, Guri Kunna vidaregåande skule og fleire bedrifter deltek.

Sandberg skal også opne den nye kysthavna på Kråkøya. Kysthavna er spesielt tilrettelagd for sjømateksport. Målet er å få meir lakseeksport over frå veg til sjø.  

For fleire detaljar om programmet, kontakt kommunikasjonssjef Martine Røiseland: mrd@nfd.dep.no, mobil 97055024.