Historisk arkiv

Fiskeriministeren til Skottland 7. og 8. mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Brexit og samarbeidet med Noreg står på agendaen når fiskeriminister Per Sandberg møter sine skotske kollegaer Fergus Ewing og Roseanna Cunningham i Edinburgh.

- Når Storbritannia går ut av EU så er det viktig for Noreg å halde på det gode samarbeidet med naboane våre på den andre sida av Nordsjøen. Eg er opptatt av at vi skal få til gode avtaler i framtida også. Eit godt forhold kjem ikkje av seg sjølve, men eg har god kontakt med kollegaene mine på dei britiske øyene, seier fiskeriminister Per Sandberg.

I tillegg til Brexit, så står makrell og havbruk på programmet. Sandberg skal også møte representantar for skotske fiskeriorganisasjonar i Edinburgh.

Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgjevar Lisa Nordøen, mobil: 934 19 402, epost: lno@nfd.dep.no