Historisk arkiv

Forlenger mellombelse unntak frå fråværsreglane ut skuleåret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet forlenger dei mellombelse unntaka frå fråværsreglane til å gjelde ut heile skuleåret. Det betyr mellom anna at dei vanlege dokumentasjonskrava ved fråvær av helsegrunner ikkje gjeld.

– Det er viktig at elevane følgjer råda som er gitt om når dei ikkje skal møte på skulen. Vi forlenger unntaket i fråværsreglane slik at elevar som skal vere heime av smitteverngrunner, ikkje skal føle seg pressa til å dra på skulen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Dette gjeld elevar med milde, nyoppståtte luftvegssymptom eller sjukdomskjensle, elevar i karantene eller isolasjon og elevar som sjølv er i risikogruppe eller har nær familie som er det.

Skulane har plikt til å følgje opp

Elevar som ikkje kan delta i undervisninga på skulen, men som ikkje er sjuke, har framleis plikt til å delta i opplæring heimefrå slik at læraren har godt nok grunnlag for å setje karakter.

– No er det viktig at skulane følgjer opp elevar som er heime av helsemessige årsaker. Skulane har plikt til å finne gode løysingar som sikrar at elevar får eit godt opplæringstilbod uansett om dei er heime eller fysisk på skulen, seier Melby.

Skulen skal legge til rette for at elevane får den opplæringa dei har krav på, både når det gjeld langvarig og gjentatt fråvær. I ein slik situasjon, der elevane deltar i opplæring heime, skal det ikkje førast fråvær.

Dette er forskriftene

Elevar som av helsemessige årsaker har måtta vere borte frå skulen etter 23. august, skal ikkje få ført fråværet sitt på vitnemålet. Fråvær av helsegrunnar omfattar alt helserelatert fråvær, mellom anna sjukdom og skade, karantene eller isolasjon og dessutan milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle. Etter denne datoen gjeld heller ikkje dei vanlege dokumentasjonskrava for slikt fråvær.

Sjølv om dei vanlege krava til dokumentasjon ikkje skal gjelde, må elevar yngre enn 18 år få stadfesting frå ein føresett. Elevar over 18 år kan bruke egenmelding.

Forskriftsendringane trer i kraft 1. november 2020.