Forsking for omstilling

Kunnskap blir stadig viktigare for konkurranseevne og verdiskaping i næringslivet. Forsking og utvikling (FoU) er ein føresetnad for ei vellykka omstilling av norsk økonomi. Difor aukar regjeringa løyvingane til FoU med 2,1 milliardar kroner i 2016.

– I usikre økonomiske tider er det å investere i forsking og utvikling noko av det smartaste vi kan gjere, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Dei auka FoU-løyvingane inneber ein realvekst på 4,1 prosent samanlikna med i fjor. I budsjettforslaget for 2016 er den offentlege finansieringa av forsking og utvikling førebels anslått til å vere om lag 32,5 milliardar kroner.

– Over tid gir investeringar til forsking mykje meir i avkastning enn det vi puttar inn – i form av til dømes betre folkehelse, fleire arbeidsplassar, betre varer og smartare tenester, seier ministeren. 

Langtidsplanen

Av auken på om lag 2,1 milliardar kroner føreslår regjeringa å følge opp Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning med om lag 760 millionar kroner.

Planen, som blei vedtatt av Stortinget tidlegare i år, har tre overordna mål: Å styrke Noregs konkurransekraft, løyse store samfunnsutfordringar og utvikle framifrå fagmiljø.

For å følge opp opptrappingsplanane i langtidsplanen føreslår regjeringa 125 nye rekrutteringsstilingar, 135 millionar kroner til stimuleringstiltak for auka deltaking i EU-forskingssamarbeidet Horisont 2020 og 25 millionar kroner til forskingsinfrastruktur. Av dei langsiktige prioriteringane i langtidsplanen følgjer regjeringa særleg opp "hav", "eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv" og "verdsleiande fagmiljø".

Regjeringa satsar mellom anna på næringsretta forsking, på mogleggjerande teknologiar, på forskingssenter for miljøvennleg energi og på å styrke forsking der kvalitet er det fremste kriteriet for å få pengar. Budsjettveksten her går til å styrke eksisterande ordningar gjennom Forskingsrådet. 

Statsbudsjettet