Forslag til etiske retningslinjer mot kroppspress

Vi treng tydelege retningslinjer for å unngå at barn og unge vert utsette for usunt kroppspress gjennom sosiale medium, meiner barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland. No har ho mottatt ei skisse til etiske retningslinjer for bloggbransjen.

Direktør i Forbrukertilsynet, Elisabeth Lier Haugseth, barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland, eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen og direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Direktør i Forbrukertilsynet, Elisabeth Lier Haugseth, barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland, eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen og direktør i Medietilsynet, Mari Velsand. Foto: BLD

– Eg vil sjå på alle tiltak som kan motverke kroppspress mot barn og unge og er svært fornøgd med at Medietilsynet har levert ei skisse til etiske retningslinjer mot kroppspress. No gler eg meg til å høyre kva ungdom sjølve, bloggarar og påverkarar meiner. Vi er avhengige av at bransjen sjølv støttar opp om retningslinjene for at dei skal verke, seier statsråd Helleland.

– Mange barn og unge vert påverka om usunne og helsefarlege produkt eller levevanar frå digitale kanalar og sosiale medium. Eg er uroa for konsekvensane dette har for barn sitt sjølvbilde i oppveksten, og at dette kan føre til sosial usikkerheit. Bransjen har sjølv etterspurt desse retningslinjene, så eg håper dei blir godt mottatt, seier eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen.

På oppdrag frå barne- og likestillingsministeren og folkehelseministeren har Medietilsynet laga ei skisse til etiske retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium. Forbrukartilsynet har bidrege som fagleg ressurs. Skissa vart overlevert til statsrådane tysdag.

Skissa til retningslinjene dekker mellom anna marknadsføring av kosmetiske inngrep og kosttilskot, spreiing av uriktige påstandar om kropp og helse, bruk av manipulerte bilete og kva ansvar nettverk og annonsørar har for informasjon og bilete som vert delt på sosiale medium.

Se skissen til retningslinjer og les om arbeidet på Medietilsynet sine sider.

Saman med folkehelseministeren inviterer statsråd Helleland til eit ope møte 16. oktober, der bloggarar, påverkarar, nettverk, annonsørar, ungdommar og andre interesserte kan gi innspel til skissa til etiske retningslinjer.

Vi vil gjerne gjerne ha dine innspel til det vidare arbeidet med retningslinjene mot kroppspress. Send e-post til postmottak@bld.dep.no.

Til toppen