Gisle Norheim ny personaldirektør

Gisle Norheim er i statsråd i dag utnemnd til ny personaldirektør i staten.

Norheim er 52 år og kjem frå stillinga som avdelingssjef i Nordisk ministerråd i København. Frå 1998 til 2012 hadde Norheim fleire ulike leiarstillingar i Forsvarsdepartementet. Frå 2009 til 2012 var han ekspedisjonssjef og leia avdelinga for personell og fellestenester.

Norheim er utdanna jurist og har arbeidsrett som spesialfag. Han tek til i stillinga 1. desember.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvaret for den statlege arbeidsgjevarpolitikken. Statens personaldirektør vil leie avdelinga som arbeider med å utvikle den statlege personal- og arbeidsgjevarpolitikken.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00