Gjer det enklare å starte innbyggjarforslag

– Moglegheita for å fremje innbyggjarforslag på nett og mobiltelefon gjer at folk enklare kan ta opp saker og bli høyrt, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Minsak.no er ei nettside der innbyggjarar kan fremje forslag til kommunar og fylkeskommunar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet lanserer no ein mobilversjon av nettportalen. Nettsida får også ei ny og meir brukarvennleg utforming. Det vil gjere det enda enklare å fremje og samle underskrifter til innbyggjarforslag til kommunane og fylkeskommunane.

– Det er viktig at innbyggjarane blir gitt høve til å involvere seg i små og store politiske saker i kommunen sin. Og kommunen bør leggje til rette for det. Gjennom å introdusere ein mobilversjon av minsak.no vil vi gi vårt bidrag til gjere det enklare for folk å kome med forslag til kommunen dei bur i. Det er bra for lokaldemokratiet, seier Jan Tore Sanner.

Alle innbyggjarane i ein kommune kan foreslå saker, samle underskrifter og med nok underskrifter krevje at saka blir behandla i kommunestyret. Sidan 2013 har Kommunal- og moderniseringsdepartementet drifta nettsida minsak.no som gjer at innbyggjarane enkelt kan fremje innbyggjarforslag på nett.

Frå nettportalen blei introdusert i 2013 og til i dag har meir enn ein halv million brukarar nytta seg av sida. Det er sendt til saman inn 241 saker til 101 kommunar. Tema som ofte engasjerer er skole, samferdsel, kulturvern og friluftsliv.

– Digitalisering av offentlege tenester bidreg til å skape ein enklare kvardag for folk flest og for styresmaktene. Nettet er ein viktig politisk arena. Nye minsak.no er laga slik at det skal være enkelt å spreie saka på sosiale media som til dømes Facebook. Eg vil oppfordra kommunane til å synleggjere dette verktøyet på sine nettsider og andre stader der det er naturleg, seier Jan Tore Sanner.
 

Fakta om innbyggjarforslag:

  • Alle har moglegheit til å foreslå saker i sin eigen kommune eller fylkeskommune.
  • For å krevje handsaming i kommunestyret eller fylkestinget trengs det underskrifter frå to prosent av innbyggjarane i kommunen, eller 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket.
  • Kommunestyret eller fylkestinget er pålagt å ta stilling til innbyggjarforslag som har tilstrekkeleg med underskrifter.

 

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00