Historisk arkiv

Gylne måltidsaugeblikk 2016 er i gong

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale ber alle landets ordførarar om å inspirere aldersinstitusjonane i deira kommune til å melde seg på konkurransen Gylne måltidsaugeblikk 2016. I år vil konkurransen finne fram til dei institusjonane som mellom anna har særs god brukarmedverknad, merksemd på lokalmat og der bebuarane har matval.

– I år samarbeider vi med Forbrukerrådet. Dei er opptekne av forbrukarval, bebuar involvering og innflytelse frå brukerane og pårørande i matstell og mataktivitetar, seier  Jon Georg Dale. Konkurransen er eit virkemiddel for å bidra til at eldre får servert personlig tilpassa måltider av høg kvalitet kvar dag. Måltidet skal være eit av dagens høgdepunkt, og målet med årets konkurranse er å skape meir engasjement rundt måltidene. Måltidsglede er viktig og skal mellom anna skapast gjennom involvering av bebuarane og deira pårørande, og bruk av lokale råvarer, seier landbruks- og matministeren.   

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale sammen med Randi Flesland (t.v.) i Forbrukerrådet og Christin Engelstad i Seniorsaken.
Gylne måltidsaugeblikk 2016 blei lansert på Paulushjemmet i Oslo i går. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale sammen med Randi Flesland (t.v.) i Forbrukerrådet og Christin Engelstad i Seniorsaken. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Alle landets alders- og sjukeheim får direkte tilsendt informasjon om konkurransen. I tillegg vil informasjon være tilgjengeleg på nettidene til Landbruks- og matdepartementet, Forbrukerrådet samt hos Fylkesmannen i kvart fylke. 

Vinnaren vil bli kåra i september. Premien er i år på kr 10.000,- samt diplom og mykje ære. 

Gylne måltidsaugneblikk 2016 vil gjennomførast i perioden frå 20. april til 20. mai 2016.