Mat og ernæring

På denne sida finn du informasjon om mat. Både om korleis han blir produsert og kva mat som er bra for deg for å ha eit sunt liv. Norsk matpolitikk har som mål å sikre nok, trygg, sunn og variert mat av god kvalitet til ein fornuftig pris. Politikken femner om heile produksjonskjeda frå jord til bord, mattryggleik, ernæring og folkehelse. Maten og drikkevatnet skal vere helsemessig trygt, og forbrukarane skal ha god tilgang til sunn mat som er enkel å velje.

Tomater

Mat

Mat er folkehelse og nyting, nasjonal og internasjonal, trendy og tradisjonell. Mat er privatøkonomi og samfunnsøkonomi, distriktspolitikk og næringspolitikk, fiskeripolitikk og – ikkje minst – landbrukspolitikk.

Matbutikk.

Mat og forbrukarar

Norske forbrukarar viser stor interesse for korleis mat vert produsert, foredla og omsett i Noreg, og forbrukarane sine meningar vert tillagd stor vekt når matpolitikken vert utforma.

Forskning.

Mattryggleik

I forhold til andre land har Noreg få problem med matboren sjukdom. Sjølv om mattryggleiken jamt over er god, krevst det vedvarande innsats å sikre at maten held seg trygg.

Illustrasjonsfoto av sunn mat med fisk, kjøtt, kylling og grønnsaker

Kosthald og ernæring

Artikkel 04.02.2026

Hovudmåla i ernæringspolitikken er å auke delen som følger kostråda frå Helsedirektoratet og jamne ut sosiale skilnader i kosthald. Måla skal nåast gjennom å fremje gode kosthalds- og måltidsvanar, førebygge kosthaldsrelaterte sjukdomar og sikre at mat og drikke er helsemessig trygg.

Kontakt

Landbruks- og matdepartementet

Telefon: (+47) 22 24 90 90
Pressevakt: (+47) 22 24 91 40
Pressekontakt: Pressekontakter i Landbruks- og matdepartementet
Adresse: Postboks 8007 Dep. , 0030 Oslo
Besøksadresse: Teatergata 9 (R6), Oslo

Helse- og omsorgsdepartementet

Telefon: 22 24 90 90
Pressevakt: 948 49 749
Pressekontakt: Kommunikasjonsenheten (KE)
Adresse: Postboks 8011 Dep, 0030 Oslo
Besøksadresse: Teatergata 9, Oslo