Kosthaldspartnarskapet
Artikkel | Sist oppdatert: 19.10.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Matvarebransjen (næringsorganisasjonar, mat- og drikkeprodusentar, daglegvarehandelen og serveringsbransjen) og Helse- og omsorgsdepartementet har sidan 2016 hatt eit samarbeid om å gjere det enklare for forbrukarane å velje sunt.
Partane har forplikta seg til å arbeide for eit sunnare kosthald gjennom Kosthaldspartnarskapet, og skal bidra til å gjere det enklare for forbrukar å velje sunt.
Ved å gjere vanlege matvarer sunnare, tilby sunnare mat i kioskar, bensinstasjonar, kantinar og andre serveringsstader og ved å aktivt fremje sunnare alternativ, bidrar ein til det.
Samarbeid på tvers av sektorar
Partnarskapet er eit viktig verkemiddel for å få til eit meir effektivt samarbeid mellom aktørar som produserer og omset mat, slik at det skal bli lettare for folk å ete i tråd med dei nasjonale kostråda.
Regjeringa ønsker at befolkninga skal ete meir frukt, grønsaker, bær, grove kornprodukt, fisk og sjømat, og mindre tilsett sukker, salt og metta feitt..
Eit usunt kosthald fører til sjukdomar, helseplager og tapte leveår. I samarbeidet forpliktar partane seg derfor til å arbeide mot felles talfesta mål. I tillegg skal kvar enkel verksemd setje sine eigne mål som skal rapporterast til helsemyndigheitene. Nokre av dei overordna måla er:
- Innhald av tilsett sukker i kosten er redusert til 10 energiprosent innan 2030.
- Inntaket av grønsaker, frukt og bær, er auka med 8 prosent innan 2030 samanlikna med 2024.
- Inntaket av grove kornvarer er auka med 3 prosentinnan 2030 samanlikna med 2024.
- Inntaket av fisk og sjømat er auka med 5 prosentpoeng innan 2030 samanlikna med 2024.
- Inntaket av mjølk, yoghurt og ost i tråd med merket 3 om dagen er auka med 3 prosent innan 2030 sammenliknet med 2025.
- Andel nøkkelholsmerka produkt skal auke til 26 prosent, målt i verdi og volum, innan 2030.
- Antalet produkt merka med Nøkkelholet skal aukast til 2200 innan 2030.
- Kjennskapen til dei nasjonale kostrådene skal auke til 80 prosent, og tilliten skal oppretthaldast.
Lettare å ta sunne val
Aktørane som er med i samarbeidet, skal gjere det lettare for forbrukarane å ta sunnare val ved å gjere sine produkt sunnare, tilpasse porsjons- og pakningsstorleikar, fremje sunnare alternativ, vise aktsemd ved kor dei plasserer varane sine og utvikle nye, sunne produkt.
Helsedirektoratet har ansvar for å informere om samanhengen mellom kosthald og helse og gi informasjon om kostråda. Helsedirektoratet har også sekretariatsansvaret for gjennomføringa av Kosthaldspartnarskapet mens departementet leier næringslivsgruppa som er øvste organ i organiseringa av avtalen.
Avtalen avløyser intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald og er gyldig fram til 31. desember 2030. Progresjon i arbeidet skal målast kvart år, og ei evaluering skal gjennomførast etter to år.
Tidlegare evalueringar av avtalen
Forskningsinstitusjonen Fafo evaluerte arbeidet med intensjonsavtalen (fafo.no) fram til utgangen av 2021. Evalueringa viste at aktørane har definert kosthaldsarbeidet som eit av sine strategiske mål i ein eller annan form, og at intensjonsavtalen gir draghjelp og retning til dette arbeidet.
Dei mest nytta tiltaka blant bedriftene var endringar av samansetninga til produkt, samt utvikling av nye produkt og marknadsføringstiltak.
FHI gjorde ei ny evaluering (fhi.no) opp mot dei kvantitative måla i avtalen i 2025. Evalueringa viste at målsetjinga om auka omsetnad av nøkkelholsprodukt var nådd, og at det hadde vore ei positiv utvikling for salt med gradvis reduksjon av saltinnhald innanfor nokre viktige matvarekategoriar, mellom anna i kategoriane brød, ost, kjøtprodukt og sausar.
Elles viste evalueringa låg måloppnåing for måla innan totalt forbruk av salt, tilsett sukker, metta feitt og #MeirAv-mat (frukt, bær, grønsaker, grove kornprodukt og sjømat), med få eller ingen positive endringar. I nokre tilfelle var endringane negative i dei aktuelle parameterane frå 2015 til 2023/2024.
Det kan vere fleire årsaker til at måla ikkje blei nådd. Dei var i utganspunktet ganske ambisiøse. I tillegg kan parallelle hendingar i samfunnet ha påverka forbruket av salt, tilsett sukker, metta feitt, samt #MeirAv-mat i avtaleperioden, noko som gjer det utfordrande å anslå kva for effektar avtalen har hatt. Til dømes har maten blitt dyrare, særleg #MeirAv-maten, og matsvinnet har gått ned i perioden.
Intensjonsavtalen blei avslutta 31. desember 2025.
Fakta om næringslivsgruppa
Helse- og omsorgsministeren etablerte i 2014 ei næringslivsgruppe på matområdet. Næringslivsgruppa består av aktørar frå matvarebransjen. Hovudmålet med arbeidet er å gjere det enklare for forbrukar å velje sunt. Dette inneber å auke inntaket av frukt og bær, grønsaker, grove kornvarer, fisk og sjømat, og redusere inntaket av tilsett sukker, salt og metta feitt.
Som ei oppfølging av næringslivsgruppa, inngjekk Helse- og omsorgsdepartementet og matvarebransjen i 2016 ein intensjonsavtale for å samarbeide om betre kosthald. Hensikta var å gjere arbeid initiert av gruppa meir heilskapleg og føreseieleg. I 2018 blei avtalen utvida slik at den også inkluderer serveringsbransjen, og i 2021 blei avtalen reforhandla med varigheit til 31. desember 2025.
Ei ny avtale – Kosthaldspartnerskapet – blei inngått 12. oktober 2026. Denne avtala er utvida ytterlegare til å også omfatte opplysningskontorene.