Høyring om offentleglova

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt ei evaluering av offentleglova på høyring.

Det er Oxford Research som har gjennomført evalueringa, etter oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Evalueringa tek for seg mange sentrale sider ved offentleglova og innsynsretten. Det er gjennomført undersøkingar og intervju både med sentralforvaltninga, fylkeskommunar og kommunar, sjølvstendige rettsubjekt som er omfatta av lova, og brukarane av lova, fyrst og fremst pressa.

Mykje statistikk og anna talmateriale er henta inn, og samla sett gjer rapporten eit viktig grunnlag for vidare arbeid med offentleglova og innsynsretten. 

Departementet inviterer høyringsinstansane til å koma med innspel og kommentarar til rapporten. Dei som svarer kan samstundes koma med innspel om eventuelle behov for lov- og forskriftsendringar på området, uavhengig av om dei konkrete områda er omtala i evalueringsrapporten eller ikkje.  

Frist for å svare på høyringa er 25. mai 2016.

Høyring – Evalueringen av offentleglova