Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Presentasjon av stortingsmeldinga om Noregs rolle og interesser i multilateralt samarbeid

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide presenterer 14. juni stortingsmeldinga om Noregs rolle og interesser i multilateralt samarbeid. Tysklands utanriksminister Heiko Maas vil delta og innleie saman med utanriksminister Eriksen Søreide om multilateralisme på lanseringa.

Nett-tv Webcast – English language

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

- Som ein liten nasjon har vi alt å vinne på ein godt organisert verden med sterke og føreseielege internasjonale samarbeidsformer. Vi må satse på forpliktande multilateralt samarbeid for å ivareta norske innbyggarars tryggleik og velferd. Stortingsmeldinga om Noregs rolle og interesser i multilateralt samarbeid vil vere ein viktig reiskap i dette arbeidet, seier utanriksministeren.

I samband med besøket frå Tyskland vert det òg lansert ein oppdatert Tyskland-strategi, og utanriksministrane vil føre bilaterale samtalar om aktuelle Europa-, utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål.

- Tyskland er eit heilt sentralt EU-land og Noregs viktigaste partnar i Europa. Noreg og Tyskland har samanfallande synspunkt på svært mykje, ikkje minst vektlegginga av internasjonalt samarbeid og ein regelstyrt verdsorden. Nettopp derfor ser eg fram til å lansere stortingsmeldinga i saman med min tyske kollega, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Lanseringa av stortingsmeldinga skjer på Nobels fredssenter (Brynjulf Bulls plass 1). Pressa og andre interesserte er velkomne til å delta på arrangementet. Møtet blir halde på engelsk.

Program

  • Kl. 13:00: Dørene opnar
  • Kl. 13:30: Oppmøte presse
  • Kl. 14:00: Lansering
    Presentasjon av stortingsmeldinga ved utanriksminister Ine Eriksen Søreide Innlegg ved Tysklands utanriksminister Heiko Maas
    Samtale om internasjonalt samarbeid under press, leia av Kate Hansen Bundt 
    Spørsmål og svar
  • Kl. 15:00: Utanriksministrane er tilgjengelege for pressa

Akkreditering: Presse som ønskjer å delta, må melde seg på innan torsdag 13. juni kl. 12 på denne lenka.

Pressekontakt: Kari Eken Wollebæk, Kari.Eken.Wollebaek@mfa.no, mob.: 928 27 327

Nett-tv Webcast – German language

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Til toppen