Innfører merkekrav på eingongsprodukt av plast

Regjeringa vil innføre krav til merking av sanitetsprodukt, våtserviettar, tobakksprodukt med filter og drikkebeger som er heilt eller delvis av plast. Merkinga skal bidra til betre avfallshandtering og redusert forsøpling.

Etikett for merking av plastprodukt.
Slik ser merkinga ut. Ordninga trer i kraft 1. oktober.

Merkinga skal informere og bevisstgjere forbrukarar om at produkta inneheld plast og at dei ikkje skal kastast i toalettet eller i naturen. Merkekrava omfattar fleire av produkta som ofte er funne som søppel på norske strender eller som vert kasta i toalettet.

- Vi vil redusere plastforsøplinga. No innfører vi krav om merking av plast  som ofte ender som søppel i naturen eller vert kasta i toalettet. Samstundes innfører regjeringa forbod mot ei rekke produkt av eingongsplast. Vi jobbar òg internasjonalt for ein ny global avtale som skal  hindre plastforureining, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Merkekrava skal forskriftsfestast i produktforskrifta og vil tre i kraft 1. oktober 2021.

Det er den som bringer desse produkta i omsetning i Noreg som skal sørge for at dei er merka i tråd med merkekrava. Merkinga er venta å ha ein positiv miljøeffekt gjennom redusert forsøpling og dermed mindre plast i naturen. Målet er mellom anna at færre kastar bind, tampongar og våtserviettar i toalettet, og at dei ikkje kastar frå seg kaffekoppar av plast ute i naturen. Dette vil gi mindre forureining og reduserte kostnadar for avløpsrenseanlegga.

Regjeringa vil seinare i sommar leggje frem ein heilskapleg  plaststrategi som tar for seg globale, regionale og nasjonale  tiltak i livsløpet til plasten.