Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Inviterer til brexit-møte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og fiskeriminister Harald Tom Nesvik inviterer næringslivet til møte onsdag 4. september for å diskutere status for brexit og konsekvensane for norsk næringsliv.

- Storbritannia skal forlate EU den 31. oktober, og to månader før dei går ut er det framleis uvisst korleis dette vil skje. Frå norsk side har vi heile tida førebudd oss på begge utfall, og inngått dei nødvendige avtalene med Storbritannina også dersom dei forlét EU utan ei avtale, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Storbritannia er Noregs største handelspartnar. I 2018 eksporterte Noreg for 212 milliardar kroner til landet, og importerte for 38 milliardar kroner.

- Datoen for brexit nærmar seg. Norske styresmakter har inngått fleire avtaler med Storbritannia i samband med brexit. Det er likevel viktig at næringslivet gjer eigne vurderingar og førebur seg så godt som mogleg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Sjømat står for om lag 20 prosent av den norske fastlandseksporten til Storbritannia og verdien var på over 6 milliardar kroner i 2018. Storbritannia er den fjerde viktigaste marknaden for norsk sjømat.

- Eg er glad for at vi har fått viktige avklaringar om marknadstilgong, i tilfelle britane forlét EU utan ei avtale. Det er likevel usikkert korleis brexit i praksis vil slå ut for handelen med sjømat. Brexit vil også få store konsekvensar for forvaltinga av felles fiskebestandar, men vi har nær og god kontakt med våre britiske kollegaer, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Når: Onsdag 4. september kl 10:15. Oppmøte for bedrifter klokka 10:00. Pressa kan komme inn frå ca klokka 11:00.

Kor: Auditoriet i R5, Akersgata 59, Oslo.

Påmelding for presse som ønsker å delta: media@nfd.dep.no

Påmelding for bedrifter som ønsker å delta: Mathias.Rongved@mfa.no

Hugs pressekort/ID.