Jernbanereforma gir gevinst

- Vi som kjenner landbruket veit at ein skal hauste som ein sår. Eg gler meg over at vi no har kome til den fasen der vi kan begynne å hauste resultata av jernbanereforma. Utfallet av den første konkurransen om å drifte persontogtenester, lover godt, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Det blei i dag klart at Jernbanedirektoratet vil tildele kontrakten om å drifte persontogtilbodet på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen (Trafikkpakke 1 Sør) til det internasjonale selskapet Go-Ahead (sjå pressemelding frå jernbanedirektoratet).

Go-Ahead er eit av Storbritannias største tog- og busselskap,  og transporterer årleg over 1 milliard passasjerar i Storbritannia aleine. Go-Ahead står for om lag 30 prosent av alle togreiser i Storbritannia og opererer blant anna 25 prosent av dei raude bussene i London. 

Go-Ahead får for 10 år eit vederlag på om lag 1500 millionar kroner.  Det er eit årleg snitt på cirka 150 millionar kroner. Dagens operatør får i 2018 486 millionar kroner for denne trafikken.

-  Eg er svært nøgd med at Jernbanedirektoratet gjennom konkurranseutsettinga av persontogtenester i trafikkpakke 1 Sør, oppnår eit minst like godt togtilbod som i dag, men til ein mykje lågare kostnad. Over ein tiårsperiode vil vi få halvert kostnadene til drifta av togtilbodet på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen. Det utgjer eit betydeleg beløp – godt over tre milliardar kroner. Det kan ein få mange forbetringar i jernbanetilbodet for.

Go-Ahead overtek drifta frå NSB frå 15. desember 2019. Tilsette som blir tilbydd overføring frå NSB AS til Go-Ahead etter reglane i Arbeidsmiljøloven og Jernbaneloven beheld dagens lønns- og arbeidsvilkår. Go-Ahead vil dessutan tilby ei pensjonsordning tilsvarande den avtalen som er forhandla fram for operativt personell i NSB AS.

Samferdselsdepartementet har utarbeidd gevinstrealiseringsplan
Et viktig mål med jernbanereforma er nettopp å få meir jernbane for pengane, slik at ein kan legge til rette for eit betre togtilbod, til glede for dei reisande og dei som vil frakta gods på jernbane.

- Eg kjem framover til å følge nøye med på at dei store endringane som er gjennomført i jernbanesektoren, faktisk fører til meir jernbane for pengane, seier samferdselsministeren.

Samferdselsdepartementet har utarbeidd ein plan som identifiserer åtte gevinstområde.  Eitt av desse er reduserte utgifter til kjøp av persontogtransport som følge av konkurranseutsetting. Planen viser at ein i stor grad kan vente at gevinstane av jernbanereforma vil overstige kostnadene fram mot 2025.  

Jernbanereforma har også lagt til rette for at Jernbanedirektoratet har kunna inngå gode, forretningsmessige avtalar med NSB og Bane NOR om togproduksjon og drift, vedlikehald og utbygging av jernbaneinfrastruktur.

- Allereie no har desse avtalene gitt aktørane dei riktige insitamenta til meir effektiv drift. Dette kjem jernbanesektoren til gode gjennom betre tenester til sluttbrukaren, nemleg dei reisande og vareeigarane, seier Dale.

Til toppen