Historisk arkiv

Justerer grensa mellom Forsand og Strand kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke at grensa mellom kommunane Forsand og Strand skal justerast slik at områda nord for Lysefjorden skal tilhøyre Strand kommune. Det inneber at Preikestolområdet blir overført til Strand.

Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes med iverksettinga av samanslåinga av Forsand og Sandnes til nye Sandnes.

– Eit fleirtal av innbyggarane i dette området ønskjer å vere ein del av Strand kommune. Dei nyttar Strand kommune for handel- og kulturopplevingar, og kjenner meir nærleik til dette området, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Grensejusteringar skal fyrst og fremst vere eit verktøy for å tilpasse kommunegrenser til eksisterande samhandlingsmønstre og innbyggarane sin bruk av kommunale tenester.

– Preikestolområdet har mange tusen turistar kvart år. Det er formålstenleg om heile området vert forvalta av ein kommune fordi det gir klarare ansvarsforhald når det gjeld beredskap, krisehjelp og helsetenester, seier statsråd Monica Mæland.

Initiativet om å flytte området kom frå innbyggarar i Forsand kommune som bur på nordsida av Lysefjorden.

Fylkesmannen i Rogaland har utgreidd saka på oppdrag frå departementet og tilrådde ikkje ei grensejustering. Departementet har hatt møter med kommunane før vedtaket vart fatta.

Brev: Vedtak om grensejustering mellom kommunane Forsand og Strand (PDF)

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00