Historisk arkiv

Justerer grensa mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedtatt at grensa mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland skal justerast slik at heile øya Ombo skal tilhøyre Finnøy kommune. Det inneber at Vestersjø krins vert overført til Finnøy.

Endringa vil skje frå 1. januar 2020, samstundes som iverksettinga av samanslåinga av Finnøy, Rennesøy og Stavanger til nye Stavanger.

– Det er meir formålstenleg at éin kommune forvaltar ei øy som i dag heilt tydeleg er eitt lokalsamfunn, og der Finnøy leverar tenester til alle innbyggarar på øya, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Initiativet om å flytte området kom frå Finnøy kommune. Fylkesmannen i Rogaland har utgreidd saka på oppdrag frå departementet. Fylkesmannen tilrådde ikkje grensejustering. Departementet har hatt møte med kommunane før vedtaket vart fatta.

Grensejusteringar skal først og fremst vere eit verktøy for å tilpasse kommunegrenser til eksisterande samhandlingsmønstre og innbyggarane sin bruk av kommunale tenester.

Begge kommunane vedtok i 2016 at øya skulle overførast til Finnøy. Eit fleirtal av innbyggarane på Hjelmeland sida av øya har seinare vore klare på at dei ikkje vil ha ei slik grensejustering.

– Eg meiner innbyggarane vil få meir demokratisk påverknad på viktige tenester ved å kunne røyste i den kommunen som leverer mange av tenestene på øya, seier statsråd Monica Mæland.

Kommunal- og moderniseringsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.