Kalender

Avgrens

Her finner du en oversikt over utvalgte arrangementer fra departementenes kalendere.

Nullstill valg

26.03.2026

  • Statsministeren deltek på nordeuropeisk toppmøte

    Jonas Gahr Støre | Statsministerens kontor

    Statsminister Jonas Gahr Støre reiser til Helsingfors for å delta på det årlege toppmøte i Joint Expeditionary Force (JEF).

    Joint Expeditionary Force (JEF) er eit tryggingssamarbeid mellom ti nordeuropeiske land. JEF-samarbeidet omfattar Storbritannia, Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Nederland, Sverige og Norge. Førre toppmøte blei arrangert i Oslo i mai 2025.

    Frist for presseakkreditering er fredag 20. mars. Sjå meir informasjon frå finske styresmakter.

    Kva er Joint Expeditionary Force?

    • JEF er eit militært og tryggingspolitisk rammeverk for praktisk og fleksibelt samarbeid mellom nordeuropeiske land.
    • JEF skal utfylle Nato-samarbeidet, styrke felles tryggleik i nærområda våre og byggje opp under vår felles forsvarsevne.
    • Forhaldet til Nato er sentralt for JEF-landa. Samarbeidet i JEF er utfyller samarbeidet i Nato.
    • På militært nivå skal JEF vere ein fleksibel forsvarsstyrke som kan støtte landa raskt i ein krisesituasjon.

    Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, mobil 91 71 74 59, e-post rhs@smk.dep.no.  

Vis flere hendelser