8 000 vaksne skal få opplæring i grunnleggande ferdigheiter

No deler regjeringa ut 166 millionar kroner for at vaksne i heile landet skal få tilpassa opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, munnleg, IKT og norsk eller samisk.

- Over 400 000 vaksne i Noreg har svake grunnleggande ferdigheiter i lesing. Endå fleire i rekning og IKT. Når arbeidslivet då stiller strengare krav til kompetanse så må vi sørge for at endå fleire får den opplæringa dei treng for å kunne stå i jobb. Det er ei investering i enkeltpersonar vi som samfunn òg er tente med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Trøndelag, Viken og Oslo får mest pengar

Ordninga blir forvalta av Kompetanse Noreg og pengane går til 856 kurs. Det er verksemder i Viken, Oslo og Trøndelag som får mest i støtte. Mesteparten går til ulike verksemder, medan ein del av pengane går til frivillige organisasjonar.

- Kursa som no skal rullast ut over heile landet skal i hovudsak gi vaksne som er i arbeidslivet ny kompetanse som både skal trygge plassen deira i arbeidslivet og kome arbeidsgivaren til gode. I tillegg vil ein del som vil inn i arbeidslivet få moglegheit til å ta kurs gjennom frivillige organisasjonar, seier Asheim.

Koronakrisa har forsterka behovet for meir utdanning

Før koronakrisa trefte oss i mars visste vi at teknologisk utvikling, digitalisering og det grøne skiftet vil føre til at enkelte jobbar forsvinn, nye kjem til og at arbeidsoppgåver endrar seg. Koronakrisa har forsterka dette.

- Koronakrisa har vist at det ofte er dei med ingen eller låg formell kompetanse som fell først ut av arbeidslivet og som slit med å kome seg inn igjen. Meir utdanning og kompetanse skal bidra til å ta Noreg ut av krisa på kort sikt, samtidig som det er ei investering i framtida, seier Asheim.

Sidan 2006 har i underkant av 100 000 vaksne delteke i opplæring gjennom Kompetansepluss-ordninga.

-Tildelinga av midla gjennom Kompetanse pluss gjer det mogleg å få tilpassa opplæring i grunnleggande ferdigheiter, for dei som er i arbeid. Vi ønsker å gi fleire ein motivasjon og moglegheit til å ta eit fagbrev. All erfaring seier at det gjer dei sterkare rusta i arbeidslivet, seier direktør Sveinung Skule i Kompetanse Noreg.

www.kompetansenorge.no/tildelingar kan du sjå kven som har fått Kompetansepluss-midlar i årets tildeling. Sjå òg fordelinga til fylka under.

Fakta om kompetansebehovet

• 400 000 vaksne i Noreg har svake grunnleggande ferdigheiter i lesing

• 480 000 vaksne i Noreg har svake grunnleggande ferdigheiter i rekning

• 800 000 vaksne i Noreg har svake IKT-ferdigheiter

Fakta om Kompetansepluss

* Kompetansepluss er ei tilskotsordning som skal bidra til at fleire vaksne får opplæring i grunnleggande ferdigheiter, slik at dei kan ta vidare opplæring og utdanning, og delta meir i arbeids- og samfunnsliv.

* Kompetansepluss arbeid gir midlar til kurs for arbeidstakarar knytt til arbeidsplass.

* Kompetansepluss frivillighet gir midlar til kurs knytt til aktivitetar i frivillige organisasjonar.

* Kompetanse Noreg har ansvar for ordninga, inkludert å lyse ut og fordele midlane.

* Sidan oppstarten av Kompetansepluss arbeid i 2006 har rundt 94 000 delteke i opplæring på arbeidsplass.

Fylkesvis oversikt over løyvingar til verksemder og organisasjonar:

Fylker

 

Agder

   7 091 429

Innlandet

   4 211 429

Møre og Romsdal

   4 350 179

Nordland

   3 440 000

Oslo

 28 183 429

Rogaland

   9 129 500

Troms og Finnmark

 12 240 000

Trøndelag

 27 147 500

Vestfold og Telemark

 21 315 929

Vestland

   9 715 929

Viken

 39 172 679

Sum

165 998 003