– Ved å fastsetje dette utgreiingsprogrammet, angir me minimumskrav til omfang og innhald av konsekvensutgreiingar for eit mogleg kjernekraftverk i Taftøy Næringspark. Det at me no fastset dette utgreiingsprogrammet inneber ikkje at det blir teke stilling til kjernekraftproduksjon som kraftkjelde i det norske kraftsystemet, seier energiminister Terje Aasland.

Norsk Kjernekraft AS leverte melding med forslag til utgreiingsprogram i november 2023. Tiltakshavar er seinare endra til Trondheimsleia Kjernekraft AS. Det vart gjennomført nasjonal høyring av meldinga i 2024. Før sommaren 2025 fekk Direktoratet for strålevern og atomtryggleik, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Noregs vassdrags- og energidirektorat i oppdrag å utarbeide ei innstilling til utgreiingsprogram. Direktorata sende innstillinga si til departementa i september 2025.

– Om kjernekraft vil vere aktuelt i Noreg, må vurderast nærare i lys av Kjernekraftutvalet sin rapport. For regjeringa er det viktig å sikre ein føreseieleg og trygg prosess, seier Aasland.

I tråd med konvensjonen om konsekvensutgreiingar for tiltak som kan ha grenseoverskridande miljøverknader, vart innstillinga frå direktorata send til Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, Latvia, Finland, Polen og Austerrike i november 2025, med høve til å komme med innspel til innstillinga. Høyringssvara er no gjennomgått og teke omsyn til.

Programmet for utgreiing av konsekvensar for miljø og samfunn av eit kjernekraftverk i Taftøy Næringspark er fastsett etter forskrift om konsekvensutgreiingar § 16. Konsekvensutgreiinga skal utarbeidast i tråd med det fastsette utgreiingsprogrammet, og vil utgjere ein sentral del av avgjerdsgrunnlaget for eventuelle søknader om konsesjonar etter atomenergilova og energilova, søknad om løyve etter forureiningslova og andre relevante løyve og godkjenningar.

Tiltakshavar kan no velje å gjennomføre utgreiingar i samsvar med utgreiingsprogrammet. Tiltakshavar må sjølv betale for gjennomføringa av utgreiinga.

Lenkje til konsekvensutgreiingsprogrammet: