Koronasituasjonen: Pressekonferanse med justisministeren og næringsministeren

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

Invitasjon til pressekonferanse i morgon, fredag 10. juli klokka 1200, med justis- og beredskapsminister Monica Mæland og næringsminister Iselin Nybø.

Nett-tv Koronasituasjonen: Pressekonferanse med justisministeren og næringsministeren

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad og fagdirektør Frode Forland i Folkehelseinstituttet vil også vere til stades.

Pressekonferansen overførast direkte på regjeringa.no.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.

Oppmøtetid: Kl. 1145. Ta med gyldig pressekort og ID.

Presse som ikkje har anledning til å møte opp kan sende inn spørsmål til JDinfo@jd.dep.no med teksten PK 1007 i emnefeltet.

Spørsmål må vere oss i hende seinast klokka 1215. Avsenderadressa må være registrert hos eit mediehus eller det må oppgis frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte i pressekonferansen.

Pressekontaktar

For justis- og beredskapsministeren:
Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bondevik, 402 32 454.

For næringsministeren:
Kommunikasjonsrådgjevar Christine Spersrud Haug, 975 26 759.

Om sendinga

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje den direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastas ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette nås på telefon 22248845 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/xbpcnkps/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Tiltak for å hindre spreiing

Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.