Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Kraftig auke i kulturbudsjettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa sitt framlegg til kulturbudsjett for 2020 er på 19,9 milliardar kroner. Det inneber ein auke på om lag 4,9 milliardar kroner samanlikna med saldert budsjett 2019. Justert for at NRK frå 2020 skal finansierast over statsbudsjettet og for endringar i departementsstrukturen, er auken på 850 millionar kroner eller 6,7 prosent.

Pressemeldinga på kvensk: Suuri lissäys kulttuuribudsjetissa (.pdf)

– Med dette budsjettet vidareutviklar vi ambisjonen om eit levande kulturliv i heile landet. For å bygge gode samfunn og eit sterkt demokrati som inkluderer alle, treng vi ei brei kultursatsing som legg til rette for utvikling og mangfald. I dette kulturbudsjettet har vi derfor ei sterk satsing på fellesskapsarenaer som kan gi publikum unike opplevingar og kulturlivet moglegheit til å blomstre, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Nokre hovudsatsingar

Nasjonale kulturbygg:

For å løfte fram mangfaldet av kulturarv i Noreg foreslår regjeringa 291 millionar kroner til ti nye prosjekt for nasjonale kulturbygg i 2020. I tillegg får kulturbygg over heile landet tilsegn om 768 millionar kroner til seinare år.

Musea er viktige forvaltarar og formidlarar av kulturarven. Regjeringa foreslår tilskot på vel 2,2 milliardar kroner til museum og visuell kunst , noko som inneber ein auke på 340 millionar kroner frå 2019. Av dette er om lag 280 millionar kroner knytt til Nasjonalmuseets innflytting i nye lokale på Vestbanen.

Frivillige organisasjonar:

Regjeringa vil legge til rette for breidde og mangfald gjennom gode støtteordningar for det frivillige feltet, for organisert idrett og for eigenorganisert aktivitet. Regjeringa foreslår difor å auke momskompensasjonen for frivillige organisasjonar med 92 millionar kroner. Frivillige organisasjonar vil med dette få 1,7 milliardar kroner frå ordninga i 2020.

Mangfald og likestilling:

Det er eit mål at fleire skal få oppleve gode kulturtilbod, og regjeringa foreslår 24,5 millionar kroner til ulike tiltak på kulturområdet som skal stimulere til mangfald, integrering og arbeid mot fattigdom.

Regjeringa vil arbeide for likeverd og fridom for alle til å gjere eigne val. I budsjettet for 2020 foreslår regjeringa ei auke på 7 millionar kroner for følge opp strategi for likestilling av menneske med nedsett funksjonsevne og 6 millionar kroner for å styrkje innsatsen mot seksuell trakassering.

Mediestøtte:

Løyvinga på mediefeltet skal legge til rette for god nyheitsproduksjon og ein brei offentleg samtale over heile landet. Regjeringa vil modernisere mediestøtta for å legge til rette for lokale medium i heile landet og for innovasjon, utvikling og nyskaping i mediebransjen.

I samband med varsla omlegging av den direkte mediestøtta til små, lokale aviser er det foreslått å auke løyvinga med 30 millionar kroner i ein overgangsperiode for å gjere omstillinga lettare. I tillegg kjem ein auke på 10 millionar kroner til justering for pris- og lønsvekst.

Innovasjonstilskotet blir auka med 10 millionar kroner og er retta inn mot digitalisering og omstilling i aviser som vert råka av endringa i postlova som medfører færre dagar med levering av post.

Digitalisering:

Tilgang til kulturarven vår er ein demokratisk rett. Ved å ta i bruk digital teknologi kan ein gjere felles kulturarv og kunnskap om feltet tilgjengeleg for fleire.

For å legge til rette og sikre betre tilgang til kulturarven, er det foreslått ein auke i løyvingane til Arkivverket og Nasjonalbiblioteket på til saman 127 millionar kroner. 

Film og dataspel:

Regjeringa har utarbeidd ein dataspelstrategi med mål og tiltak for dataspelpolitikken frå 2020 til 2022. I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke løyvinga til dataspelfeltet med 10 millionar kroner.

Regjeringa har som mål å legge til rette for eit breitt og variert filmtilbod av høg kvalitet. Gjennom spreiing av makt og regionalisering av filmpolitikken ønsker regjeringa å bidra til meir konkurranse og mangfald. Løyvinga til regionale filmverksemder er foreslått auka med nær 18 millionar kroner.

Språk:

Språk og litteratur er ein viktig del av norsk kulturarv, og ein føresetnad for deltaking i demokratiet. Regjeringa foreslår 9,3 millionar kroner meir til språk i budsjettet for 2020. Samtidig arbeider regjeringa både med forslag til ei ny heilskapleg språklov og ei ny stortingsmelding om språk. Målet er å sikre norsk og å verne og fremje minoritetsspråka som Noreg har eit ansvar for å ta vare på.