Historisk arkiv

Krevjande situasjon som treng ekstra innsats

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Statsbudsjettet 2016

Det har vore ei kraftig auke i talet på asylsøkarar til Europa. Dette har også ført til ei stor auke til Noreg. Regjeringa vurderer fortløpande tiltak, og vil legge fram ein tilleggsproposisjon til budsjettforslaget for 2016.

- Regjeringa følger flyktningsituasjonen nøye. På bakgrunn av oppdaterte prognosar vil regjeringa kome tilbake med ei vurdering av løyvingsendringar på utlendingsområdet, seier inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Flyktningtilstrøyminga er mykje større enn det Beregningsgruppa for utlendingsforvaltningas (BGU) prognosar frå juni tilsa, og som ligg til grunn for regjeringa sitt forslag til budsjett. BGU utarbeider no nye anslag.

- Arbeidet med busetting i kommunane er svært viktig i dagens situasjon med auka uttak av overføringsflyktningar kombinert med ein stor tilstrøyming av asylsøkarar, seier Horne.

Den kraftige auken i talet på einslege mindreårige asylsøkarar har utfordra kapasiteten i mottaksapparatet. Som følge av flyktningtilstrøyminga kom regjeringa nyleg med ei ekstra løyving for i år på til saman 227,1 millionar kroner, der 65 millionar går til omsorgssentra for einslege, mindreårige asylsøkarar. I statsbudsjettet for 2016 aukar regjeringa særskilt tilskot for busetting av einslige, mindreårige flyktningar med 25 millionar kroner.

Ved utgangen av september var det busett om lag 7000 flyktningar i Noreg. Det er 29 prosent fleire enn på same tid i fjor. Samtidig venta 5112 busettingsklare flyktningar i mottak, 516 av desse var einslige mindreårige. Kommunane har no vedteke å busetje om lag 11 400 flyktningar i 2015.

- Vi har eit ansvar for at dei som har fått lovleg opphald skal få starte livet sitt i ein kommune så snart som mogleg. Difor foreslår regjeringa eit ekstratilskot for busetting på 50 millionar kroner. Integreringstilskotet har auka med 300 millionar kroner under denne regjeringa, og dekkjer om lag 90 prosent av kommunane sine meirutgifter til busetting og integrering, seier Horne.

Mange kommunar melder at dei gjerne vil busette, men at det er bustadmangel. Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår å vidareføre satsinga til utleigebustader.

Integreringa styrkast

Regjeringa vil betre integreringa av flyktningar. Satsinga skal gjere at fleire vert kvalifiserte og kjem raskare ut i arbeid slik at dei kan forsørgje seg sjølv.

- Det er viktig både for samfunnet og den enkelte at flyktningar raskt kjem i arbeid og får nytta kompetansen sin. Derfor foreslår vi 7 millionar kroner til betre og meir systematisk kartlegging av flyktningar sin kompetanse. Språk og arbeid er avgjerande for å bli godt integrert, seier inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Samstundes styrker regjeringa Jobbsjansen med 10 millionar kroner i forhold til Saldert budsjett 2015. Dette skal bidra til at fleire innvandrarkvinner kjem ut i arbeid. Regjeringa vil også heve kompetansen til lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk og foreslår 3,2 millionar kroner til dette.

Andre saker på integreringsområdet

I tillegg aukar regjeringa følgjande:

  • Foreldrerettleiingsprogrammet International Child Development Programme (ICDP) med 2 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett 2015 for å hindre radikalisering.
  • Ettervernet i bu- og støttetilbodet for unge som er utsette for tvangsekteskap og æresrelatert vald med 2 millionar kroner.