Historisk arkiv

Kunnskapsministeren lanserer ny strategi for realfaga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

19. august legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram ein ny, nasjonal strategi for realfag.

Tid: Onsdag 19. august 2015, klokka 12.00-13.00

Stad: Norsk teknisk museum, Kjelsåsveien 143, Oslo.

Norske elevar slit meir med matematikk og naturfag enn elevar i mange andre land. Å gjere opplæringa i matematikk, naturfag og teknologi betre og meir spennande er ei viktig satsing for regjeringa. Difor legg kunnskapsministeren no fram ein ny og meir målretta strategi for realfaga.

Det vil bli høve til intervju med kunnskapsministeren etter avtale med kommunikasjonsrådgivar Anbjørg Bakken. Mobil: 99009260. E-post: anb@kd.dep.no.

Program:

Kl. 12.00-12.10: Kunnskapsministeren blir ønskt velkommen i Teknoteket "makerspace", ein digital sløydsal der barn og skoleelevar kan utforske og lage eigne byggverk.

Kl. 12.10-12.30: Kunnskapsministeren helser på elevar frå Kjelsås skole og barn frå Solemskogen naturbarnehage. Dei skal blant anna bruke elektroniske byggjesett, lage konstruksjonar med sugerør, tegne tredimensjonalt på iPad og byggje bilar.

Kl. 12.30-12.40: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterer den nye realfagsstrategien til regjeringa.

Kl. 12.40-13.00: Tid til separate intervju med media.

NB: Journalistar er også velkomne til å delta på fagseminar om ny realfagsstrategi klokka 13.00 - 15.00. Seminaret er i auditoriet på Norsk teknisk museum.