Historisk arkiv

Kva skal bli det viktigaste i kvart skolefag?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Skolen skal få nye læreplanar i 2020. Tysdag 26. juni presenterer kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner kva som blir det viktigaste i kvart fag.

Stad: Skøyen skole, Monolitveien 6, OSLO

Tid: Tysdag 26. juni klokka 12.30 – 13.30.

Dagens læreplanar har for mange tema, viser både evalueringar og tilbakemeldingar frå lærarar og rektorar. Dette kan føre til for mykje overflatisk læring i skolen. Derfor har regjeringa sett i gang eit omfattande arbeid for å fornye innhaldet i skolefaga og utarbeide nye læreplanar som vil gjelde frå hausten 2020. Målet er å styrkje den faglege forståinga til elevane og leggje betre til rette for djupnelæring.

Det siste året har over 100 lærarar og andre fagfolk jobba saman med Utdanningsdirektoratet for å komme fram til kva som skal vere kjerneelementa i dei ulike faga. Det er det viktigaste og mest sentrale elevane skal lære. Kjerneelementa gir retning og prioriteringar for dei nye læreplanane som skal lagast. Etter tre breie innspelsrundar kom det inn 6700 innspel.

Kunnskaps- og integreringsministeren  har vurdert forslaget frå Utdanningsdirektoratet. No vil han presentere kva som blir det viktigaste i kvart fag.

Det blir høve til å intervjue ministeren.

Pressekonferansen blir strøymd på vår facebookside.