Historisk arkiv

Kvalitet i høgare utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fortel kva dei meiner må til for å heve kvaliteten i høgare utdanning på regjeringas kontaktkonferanse tysdag 17. januar.

Nett-tv Kvalitet i høgare utdanning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kontaktkonferansen er ein årleg møtestad mellom Kunnskapsdepartementet og universitets- og høgskulesektoren. Sentrale aktørar vil delta med innlegg og diskusjonar. I år er temaet innhaldet i stortingsmeldinga om kvalitet i høgare utdanning som kjem i nær framtid. Sjå programmet for detaljar.

Det vil vere høve for pressa å intervjue kunnskapsministeren og statsministeren i pausen om lag klokka 10.45. 

Vi ber journalistar som ønsker å intervjue kunnskapsministeren kontakte kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Ragnhild Skaara Imset, tlf.: 93435930, e-post: rask@kd.dep.no.

Journalistar som ønsker å intervjue statsministeren kontaktar kommunikasjonsrådgivar for statsministeren, Anne Nordskog, tlf.975 30 948. E-post: anne.nordskog@smk.dep.no 

Det er ikkje nødvendig med akkreditering, men journalistar og fotografar som vil inn på konferansen, må vise pressekort ved inngangen.

Stad: Sentralen, Øvre Slottsgate 3, 0157 Oslo

Tid: Tysdag 17. januar klokka 10:00 – 16:15.

Sendinga blir strøymd på regjeringen.no/kd.