Historisk arkiv

Kven skal vinne Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar 2021?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Fram til 5. april kan du føreslå kandidatar til Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar. Prisen skal fremje bruk av nynorsk i media.

Utlysingsplakat for nynorskprisen med bilete av vinnar frå 2020 Eivind Molde og juryleiar Solveig Barstad.
Eivind Molde og Solveig Barstad på prisutdeling i 2020. Foto: Karoline Riise Kristiansen, NRK. Design: Rein Design

Prisen skal årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. Alle framlegga må ha ei grunngjeving.

Prisen er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Ein eigen jury peikar ut prisvinnaren. Sjå meir om prisen på www.nynorskmediesenter.no der prisen har ei eiga side.

Spørsmål kan du sende til nynorskmediesenter@nrk.no eller ringe mobil 970 55 201.

Merk framlegga "Nynorskprisen 2021", og send dei til nemnde nettadresse, eller til NRK Nynorsk mediesenter, boks 100, 6801 Førde.