Historisk arkiv

Kvotejakt på gaupe i 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet har handsama tre klagesaker om kvotejakt på gaupe for 2020. Dermed er det klart for gaupejakta som startar 1. februar. Det vert opna for jakt på 54 dyr i fire av dei åtte rovviltregionane. Gaupebestanden i Noreg ligg i dag under bestandsmålet nasjonalt, men over bestandsmålet i tre regionar.

Tre vedtak om kvotejakt på gaupe i 2020 fatta av rovviltnemndene er påklaga og handsama av Klima- og miljødepartementet. Det gjeld region 1 (Vestland, Rogaland og tidlegare Vest-Agder), region 2 (Vestfold og Telemark, tidlegare Buskerud og tidlegare Aust-Agder) og region 6 (Møre og Romsdal og Trøndelag).

  • Departementet har no handsama klager på vedtak om gaupejakt i tre rovviltregionar. Eg har ikkje gjort endringar i dei kvotane som er sett i Sør- og Vest-Noreg. I Midt-Noreg har eg komme fram til at kvota skal reduserast, for å auke sannsynet for at bestandsmålet i regionen òg vert nådd neste år, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Bestanden ligg under bestandsmålet nasjonalt

I fylgje Rovdata er det frå 2016 til 2019 registrert i gjennomsnitt 56 familiegrupper av gaupe i Noreg. I 2019 svarte det til omkring 323 dyr, før jaktsesongen det året starta. Bestanden har hatt ein svak nedgang frå 2018 til 2019, og for sjuande år på rad ligg bestanden under det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege familiegrupper.

Prognosane for talet på familiegrupper av gaupe i 2020 viser ei auke frå 56 familiegrupper før jakta i fjor til 59 før jakta i år.

 

Kvotejakt i fire regionar

I region 2, region 3 (tidlegare Oppland) og region 6 ligg bestanden av gaupe over dei regionale bestandsmåla, og det vert derfor opna for kvotejakt. I region 6 har departementet redusert kvoten frå 30 til 25 dyr i tråd med den faglege tilrådinga frå Miljødirektoratet.

Region 1 har ikkje bestandsmål for gaupe. Som tidlegare år vert det opna for kvotefri jakt i regionen.

- Sjølv om vi er under bestandsmålet for gaupe nasjonalt, vert det opna for kvotejakt i nokre regionar. Dei kvotane som er sett, tek omsyn til at vi ligg under det nasjonale bestandsmålet. Det vert opna for jakt på totalt 54 gauper, av dei 18 hodyr, i fire av dei åtte rovviltregionane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.  

Det er ikkje opna for gaupejakt i region 4 (Oslo, tidlegare Akershus og Østfold), region 5 (tidlegare Hedmark), region 7 (Nordland) og region 8 (Troms/Finnmark).

 

 

Bestandsmål (tal på ynglingar)

Tal på ynglingar 2019 Jaktkvote (tal på dyr, hodyr i parentes)

Region 1 (Vestland, Rogaland og tidlegare Vest-Agder)

0

0

 

Region 2 (Vestfold og Telemark, tidlegare Buskerud og tidlegare Aust-Agder)

12

15

20 (6)

Region 3 (tidlegare Oppland)

5

7

9 (3)

Region 4 (Oslo, tidlegare Akershus og tidlegare Østfold)

6

1

0

Region 5 (tidlegare Hedmark)

10

6

 

Region 6 (Møre og Romsdal og Trøndelag)

12

15.5

25 (9)

Region 7 (Nordland)

10

5.5

0

Region 8 (Troms og Finnmark)

10

5

0

Totalt for Noreg

65

55

54