Historisk arkiv

Kvotejakt på gaupe i 2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet har handsama fire klagesaker om kvotejakt på gaupe for 2021. Dermed er det klart for gaupejakta som startar 1. februar. Det blir opna for jakt på 82 dyr i 6 av dei 8 rovviltregionane. Gaupebestanden i Noreg ligg i dag over bestandsmålet nasjonalt.

Fire vedtak om kvotejakt på gaupe i 2021 fatta av rovviltnemndene er påklaga og handsama av Klima- og miljødepartementet.

-For første gong på åtte år ligg vi over det nasjonale bestandsmålet for gaupe i Noreg. Før kvotejakta på gaupe i år har eg ikkje gjort endringar i kvotene rovviltnemndene har sett for region 1, 2, 3 og 6. Det er ikkje opna for gaupejakt i region 4 og 5, der bestanden ligg under bestandsmålet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Bestanden ligg over bestandsmålet nasjonalt

Ifølgje Rovdata er det frå 2018 til 2020 registrert 57,5, 55 og 66,5 familiegrupper av gaupe i Noreg. I 2020 svarte det til om lag 393 dyr, før jaktsesongen det året starta. Bestandstalet for 2020 viser at gaupebestanden for fyrste gong på åtte år ligg over det nasjonale målet på 65 ungekull i året.

 

Kvotejakt i seks regionar

I region 2, 3 og 6 ligg bestandstalet over det regionale bestsmålet. Region 1 har ikkje bestandsmål for gaupe. Som tidlegare år vert det opna for kvotefri jakt i denne regionen.

Miljødirektoratet har sett kvote i dei regionane der bestanden ligg under bestandsmålet. Det er ikkje opna for gaupejakt i region 4 og 5.

 

 

 

Bestandsmål (tal på ynglingar)

Tal på ynglingar 2020

Jaktkvote (tal på dyr, hodyr i parentes)

Region 1 (Vestland, Rogaland og tidlegare Vest-Agder)

0

0

Kvotefri jakt

Region 2 (Vestfold og Telemark, tidlegare Buskerud og tidlegare Aust-Agder)

12

16

32 (12)

Region 3 (tidlegare Oppland)

5

5

8 (4)

Region 4 (Oslo, tidlegare Akershus og tidlegare Østfold

6

0,5

Ingen jakt

Region 5 (tidlegare Hedmark)

10

8

Ingen jakt

Region 6 (Møre og Romsdal og Trøndelag)

12

15

30 (10)

Region 7 (Nordland)

10

11

6 (3)

Region 8 (Troms og Finnmark)

10

11

6 (3)

Totalt for Noreg

65

66,5

82 (32)