Lagdommar Mats Wilhelm Ruland blir ny riksmeklar

Ruland vart oppnemnd som riksmeklar i statsråd 23. november 2018.

Mats Wilhelm Ruland til venstre og Anniken Hauglie til høyre som ser på hverandre i profil.
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie gratulerer Mats Wilhelm Ruland med stillinga som ny riksmeklar. Foto: ASD

Arbeids- og sosialdepartementet meiner lagdommar Mats Wilhelm Ruland peiker seg ut som den best kvalifiserte søkjaren til stillinga som ny riksmeklar.

Ruland har juridisk embetseksamen frå Universitet i Oslo frå 2003. Han har solid erfaring frå domstolen, som dommar frå tingretten og no som lagdommar.

Ruland har erfaring frå rettsmekling i domstolen. Han har tidlegare praktisert som advokat og har hatt verv i Personvernnemnda. Ruland har sidan 2016 vore oppnemnd som særskilt meklar hos Riksmeklaren, og i 2018 blei han utnemnd til kretsmeklar for Østlandet krets. Ruland har såleis solid innsikt i og praktisk erfaring frå meklingsinstitusjonens virke og ansvarsområde.

– Mats Wilhelm Ruland er særs godt kvalifisert for dei oppgåvene og utfordringane som ligg i stillinga som riksmeklar. Gjennom sin solide faglege kompetanse, arbeidserfaring og personlege eigenskapar har han gode føresetnader for å fungere godt som riksmeklar, seier statsråd Anniken Hauglie.

Tiltredelse skjer frå det tidspunktet departementet bestemmer.

Curriculum vitae

Mats Wilhelm Ruland

Født: 04.05.1976

Utdanning

  • 1997-08–2003-12 Universitetet i Oslo, cand.jur.

Yrkeserfaring

  • 2018-08 – Domstoladministrasjonen, lagdommer
  • 2018-06 – Riksmekleren, kretsmekler
  • 2016-05–2018-08 – Domstoladministrasjonen, tingrettsdommer
  • 2016-03–2018-06 – Riksmekleren, særskilt mekler
  • 2014-01–2018-06 – Universitetet i Oslo, det juridiske fakultet, universitetslektor
  • 2015-01–2016-12 – Universitetet i Oslo, det juridiske fakultet, universitetslektor
  • 2015-01–2016-05 – Domstoladministrasjonen, konstituert lagdommer
  • 2010-04–2015-01– Advokatfirmaet Haavind, advokat
  • 2007-09–2010-04 – Domstoladministrasjonen, dommerfullmektig
  • 2004-04–2007-09 – Advokatene Brodtkorb & Gerdts, advokatfullmektig/advokat 

Aktuelle verv

  • Personvernnemnda, personlig vara for leder
  • Nasjonal tvistenemnd for selvstendig næringsdrivendes fysioterapivirksomhet i kommunal helsetjeneste, leder
Til toppen