Presseinvitasjon

Legg fram distriktspolitiske strategiar i Bø i Vestfold og Telemark

Statsminister Erna Solberg, distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup legg fram tre distriktspolitiske strategiar for småbyar, fjell og innlandet og kysten måndag 21. juni.

Dette skjer i Bø i Vestfold og Telemark, og media er velkomne til å ta del i programmet. Vi ber om at media som ønsker å ta del melder seg på til ke@kmd.dep.no. 

Sendinga vil bli strøyma på denne sida og på Facebook.

Nett-tv Legg fram distriktspolitiske strategiar i Bø i Vestfold og Telemark

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Program for måndag 21. juni

Kl. 13:30: Statsminister Erna Solberg, distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup legg fram tre distriktspolitiske strategiar for kysten, fjell og innland og småbyar.

Ressursar frå Universitetet i Sørøst-Noreg, Bygdepakke Midt-Telemark og ungdomsrådet i Bø bidrar også.

Kl. 14:00 Intervjutid for media

Kl. 14:10: Statsminister Erna Solberg, distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup møter rånarane Morten Febakke, Silje Shaffe Schaufel og skodespelarane Odin Waage og Maja Christiansen som speler GT og Hege Husby i NRK-serien Rådebank.

Statsministeren og dei to statsrådane blir med på ein køyretur i kvar sin bil.

Stad: Bø torg, Bøgata 67 i Bø


Kl. 14:30: Statsminister Erna Solberg, distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup besøker MSG Cleaning Systems AS – eit selskap som tilbyr miljøvennleg vask av bil.

Stad: Røysumvegen 3 i Bø

Pressekontaktar

For statsministeren: Statssekretær Rune Alstadsæter, mobiltlf. 915 58 419 og seniorrådgivar Ida Dahl Nilssen, mobiltlf. 962 37 276

For kommunal- og moderniseringsministeren og distrikts- og digitaliseringsministeren: Senior kommunikasjonsrådgivar Ingvild Sahl, mobiltlf. 958 70 541

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00