Historisk arkiv

Legg fram heilskapleg politikk mot mobbing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Onsdag 15. februar legg statsminister Erna Solberg og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram endringar i regelverket mot mobbing.

Tid: Onsdag 15. februar kl. 11.15 – 12.15.

Stad: Sofienberg skole, Trondheimsveien 48, 0560 Oslo.

Kontaktperson for statsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Anne Nordskog, tlf: 97530948, anne.nordskog@smk.dep.no

Kontaktperson for kunnskapsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Dino Prohic, tlf. 92225224, dpr@kd.dep.no 

Trass mange tiltak og kampanjar dei siste 20 åra, er talet på elevar som seier at dei blir mobba framleis høgt. Difor vil regjeringa styrke arbeidet mot mobbing, og foreslår fleire lovendringar og tiltak for å styrke rettane til barn som blir mobba. 

Program:

Pressekonferansen er i auditoriet i fjerde etasje på Sofienberg skole i Oslo. Statsminister og kunnskapsminister vil legge fram dei viktigaste forslaga i loven, før det blir høve til separate intervju. 

Det vil vere elevar og lærarar til stades. 

Vi set pris på om journalistar som ønsker å kome melder seg på til dpr@kd.dep.no 

Pressekonferansen blir strøymd på https://www.facebook.com/kunnskapsdepartementet/