Historisk arkiv

Legg til rette for fiskemottak på Svalbard

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

- Det er viktig for Svalbardsamfunnet å utvikle næringsgrunnlaget sitt. Eit fiskemottak vil kunne gi til fleire arbeidsplassar i ein nødvendig omstillingsperiode, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Havressursslova er i dag utvida til å gjelde Svalbard. Svalbard får no dei same reglene som gjeld på fastlandet, og at styresmaktene får dei nødvendige heimlane for å utøve kontroll.

- Det er viktig å leggje til rette for at nye bedrifter på Svalbard har dei same gode rammevilkåra som fastlandet, og som også sikrar god kontroll over ressursuttaket vårt, seier fiskeriminister Per Sandberg.