Luftfartstilsynet: Lars Egil de Lange Kobberstad blir ny luftfartsdirektør

Lars Egil de Lange Kobberstad er i statsråd i dag utnemnd til luftfartsdirektør og leiar av Luftfartstilsynet. – Det er ein dyktig leiar med lang erfaring frå luftfartsbransjen og god kjennskap til rammevilkåra for luftfarten vi no får med på laget for ein enda meir effektiv, sikker og framtidsretta luftfart. Det er eg glad for, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Lars Egil de Lange Kobberstad er 55 år og kjem frå det private næringsliv, der han har vore rådgjevar og partnar i Confidentia AS sidan 2015. Kobberstad var engasjert som administrerande direktør i Norsk luftambulanse AS frå september 2015 til utgangen av 2016. I perioden 2008 til 2015 var han administrerande direktør i Widerøe's Flyveselskap AS og har før den tid hatt ulike stillingar i selskapet. I perioden 2008 til 2015 var han styremedlem og seinare styreleiar i NHO luftfart. Han har og vore styreleiar i Norsk Luftambulanse AS. Kobberstad er utdanna siviløkonom frå Universität Augsburg i Tyskland.

– Aukande internasjonalisering og tøff konkurranse gjør at luftfarten er i endring. Eg er er trygg på at Lars Egil de Lange Kobberstad  vil gjere ein god jobb som leiar for Luftfartstilsynet i ei utfordrande tid framover, seier Solvik-Olsen. 

Stillinga som luftfartsdirektør er ei åremålsstilling på seks år.