Historisk arkiv

Noreg bidreg med over 13 millionar kroner til Malawis respons på covid-19

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har i dag vore i telefonkontakt med Malawis helseminister Jappie Mhango. Noreg gir 13,4 millionar kroner til å kjøpe inn naudsynt utstyr til mellom anna smittevernformål for helsearbeidarar i Malawi.

Malawi har store utfordringar i helsevesenet. Noreg syter no for meir naudsynt utstyr. Foto: UD
Malawi har store utfordringar i helsevesenet. Noreg syter no for meir naudsynt utstyr. Foto: UD

- Helseminister Mhango var takksam for moglegheita dette gir til å handle raskt. Dette er viktig i ein tidleg fase. Vi skal ikkje gløyme utfordringane i andre delar av helsevesenet i Malawi, som skal fortsette å fungere gjennom krisa. Gjennom vår ambassade i Lilongwe held vi fram med å følgje opp støtta til grunnleggjande primærhelsetenester i heile Malawi, seier Ulstein.

Malawi er eit av Noregs partnarland for langsiktig utvikling. Helse er blant områda der Noreg gir bistand til i Malawi.

Malawi har førebels ikkje registrert tilfelle av covid-19, men etter kvart som viruset spreier seg i Afrika, må også Malawi rekne med å bli ramma. Helsevesenet er ikkje rusta til å handtere ein stor og rask auke i pasientar med luftvegssymptom.

Gjennom ei eksisterande avtale om støtte til det malawiske helsevesenet, omdisponerer no Noreg ubrukte pengar for å støtte Malawis innleiande respons på covid-19. I første omgang er det snakk om eit bidrag på 26,8 millionar kroner, som er delt likt mellom Noreg og Tyskland.

- Eg vitja Malawi i januar i år og fekk med eigne auge sjå kor sårbart det malawiske helsevesenet er, seier utviklingsministeren. I denne situasjonen er det viktig å handle raskt, og det er det vi no kan gjere gjennom den allereie eksisterande avtalen om støtte til helsevesenet i Malawi.

Malawi har berre eitt laboratorium som kan teste for covid-19, og eitt laboratorium til vil snart være operativt.