Historisk arkiv

Mari Velsand blir ny direktør for Medietilsynet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har tilsett Mari Velsand som direktør for Medietilsynet.

Portrett av Mari Velsand, ny direktør for Medietilsynet.
Ny direktør for Medietilsynet, Mari Velsand. Foto: Amedia

- Eg er glad for at Mari Velsand har takka ja til å bli ny direktør i Medietilsynet. Medietilsynet får med dette ein strategisk og resultatorientert leiar med stor arbeidskapasitet. Mari Velsand er ambisiøs, målretta og kjenner mediefeltet særs godt. Medietilsynet spelar ei viktig rolle i utforming og iverksetting av mediepolitikken og skal leggje til rette for ein innovativ, konkurransedyktig og mangfaldig medieindustri. Eg er trygg på at Velsand er rett person til å drive dette arbeidet vidare, og at ho vil vidareutvikle tilsynet som eit leiande kompetansemiljø på mediefeltet, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

- Medietilsynet har ei særs viktig rolle, ikkje minst i lys av endringane som no skjer i bransjen, i markedet og i mediapolitikken. Eg gler meg til å bidra til å vidareutvikle verksemda saman med kompetente medarbeidarar, seier Mari Velsand.

Mari Velsand (f. 1968) har sidan 2014 vore konserndirektør i Amedia AS. Ho har studert journalistikk ved Norsk journalisthøgskole (1992), spansk ved Universidad Complutense de Madrid (2007) og har ein master of management frå BI (2011).

Velsand har lang erfaring frå mediebransjen. Ho har vore journalist i Oppland Arbeiderblad (1987-1990), programdirektør, distriktsredaktør, redaksjonssjef, vaktsjef og journalist i NRK (1992-2008), konsernsjef i Tun Media (2012-2013) og sjefredaktør og dagleg leiar i AS Nationen (2008-2013).