Markering av 9-årsdagen for 22. juli

Onsdag 22. juli skal det markerast at det er 9 år sidan angrepa mot regjeringskvartalet og Utøya. På grunn av koronasituasjonen blir markeringane i år gjennomført utan publikum.

Kun ei avgrensa gruppe med representantar for Støttegruppa, AUF, det offisielle Noreg m.fl. vil delta. Markeringane i regjeringskvartalet og på Utøya vil bli overført direkte (nett-tv/NRK/TV2). 

Statsminister Erna Solberg deltek på markeringane i regjeringskvartalet og på Utøya, i tillegg til at ho er til stades på ei gudsteneste i Oslo domkyrkje.

Kl. 10.00: Minnemarkering i regjeringskvartalet.

Presse som ønskjer å vere til stades på markeringa i regjeringskvartalet må akkreditere seg til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 20. juli kl. 12. Akkreditert presse må ha med pressekort og gyldig ID. Oppmøte for presse seinast kl. 09.45. 

Kl. 11.30: Gudsteneste i Oslo domkyrkje, der biskop Kari Veiteberg preikar.

Kl. 16.00: Minnemarkering på Utøya.

Sjå detaljert program for dagen.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.