Historisk arkiv

Meiner elevane lærer meir

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

To av tre lærarar som har tatt vidareutdanning meiner dei har blitt betre til å undervise - og at elevane deira lærer meir. Det viser Deltakarundersøkinga 2016.

– Det er gledeleg at så mange lærarar meiner vidareutdanninga gjer dei betre til å undervise. Og ikkje minst er det gledeleg at så mange lærarar meiner kvaliteten på studietilbodet er god, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Ni av ti lærarar meiner kvaliteten på vidareutdanninga er god, og nesten like mange seier dei har hatt stor nytte av studia. Det går fram av Deltakarundersøkinga 2016, NIFUs rapport om lærarar som tok vidareutdanning skoleåret 2015/16. Deltakarundersøkinga er ei årlig spørjeundersøking blant lærarar som tar vidareutdanning gjennom strategien Kompetanse for kvalitet.

Ni av ti lærarar som har tatt vidareutdanning vil endre måten dei underviser på, og nesten sju av ti meiner dei har blitt betre til å undervise. Like mange meiner elevane deira får eit større fagleg utbytte på grunn av vidareutdanninga.

Interessa for faget viktigast

I Deltakarundersøkinga 2016 blei lærarane for første gong spurde om kvifor dei ville ta vidareutdanning. Seks av ti lærarar svarar at den viktigaste grunnen til å ta vidareutdanning var deira eiga interesse for å lære meir om faget. Berre to prosent av lærarane svarar at dei tok vidareutdanning fordi leiinga på skolen ønsker det.

– Dette viser at lærarane sjølv ønsker fagleg påfyll og at dei i mindre grad lar seg styre av forventingar frå oss politikarar og skoleleiinga. Regjeringa er i gang med ei historisk satsing på vidareutdanning for lærarar, og det er positivt at så mange flinke og engasjerte lærarar vil ha meir fagleg fordjuping, understrekar Røe Isaksen.

Over 10 000 lærarar søkte om å ta vidareutdanning skoleåret 2016/17 og i haust fekk over 5600 lærarar plass på eit studium.

Dei fleste set inn vikar

Sju av ti lærarar svarar at kollegaer ofte eller alltid overtar undervisinga når dei er på samlingar. 31 prosent seier det ofte eller alltid blir satt inn faglærte vikarar utanfrå,  mens ein av ti lærarar seier elevane ofte eller alltid mister undervising på grunn av vidareutdanninga.

– Skoleleiinga har ansvaret for å sette inn vikarar når ein lærar er borte for å ta vidareutdanning. Dette fråveret kan skolane planlegge på førehand, og vi ser at dei aller fleste løyser det på ein god måte – til dømes ved å la to lærarar dele på undervisinga i ein klasse, seier kunnskapsministeren.

Krav om fagleg fordjuping

Frå i år gjeld nye kompetansekrav for lærarar som skal undervise i faga norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk og engelsk. For lærarar på barneskolen er det krav om 30 studiepoeng fordjuping i desse faga, og for lærarar på ungdomsskolen er det krav om 60 studiepoeng. Tal frå Grunnskolenes Informasjonssystem (GSI) viser at om lag 33 000 norske lærarar ikkje har nok fagleg fordjuping i faga dei underviser i. Dette gjeld 26 prosent av norsklærarane, 38 prosent av matematikklærarane og 48 prosent av engelsklærarane.

– Altfor mange elevar går i dag ut av ungdomsskolen utan å kunne lese og rekne godt nok. Regjeringa sitt mål er ein skole der elevane lærer meir. Da må vi satse på lærarane og gi dei gode høve til å få fagleg påfyll, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa held fram satsinga på vidareutdanning for lærarar.  Totalt har regjeringa foreslått å bruke om lag 1,3 mrd. kronar til vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar i 2017.

 

Fakta om vidareutdanning for lærarar

  • Deltakarundersøkinga 2016 er ei spørjeundersøking blant lærarar som tok vidareutdanning i 2015/16. NIFU har skrive rapporten på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
  • Over 10 000 lærarar søkte om å ta vidareutdanning i 2016, og over 5600 av dei fekk tilbod om plass på eit studium i haust.
  • I vikarordninga dekker staten 75 prosent av vikarkostnadane til vidareutdanning i matematikk og naturfag, og 60 prosent av vikarkostnadane til vidareutdanning i andre fag.
  • Stipendordninga går ut på at lærarane kan få 100.000 kroner for å ta vidareutdanning på fritida, eller kjøpe seg fri frå undervising.
  • I 2015 kom ein ny strategi for vidareutdanning for lærarar, som gjeld til 2025.

 Les heile rapporten her.