Historisk arkiv

Milliardinvesteringar til Haakonsvern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Regjeringa ber Stortinget godkjenne investeringar på om lag 3,5 milliardar kroner på Haakonsvern. Investeringane er knytt til etablering av ein ny vedlikehaldsfasilitet for nye ubåtar med tilhøyrande kaianlegg og oppgradering av ei eksisterande kai.

Vedlikehaldsfasilitet for nye ubåtar

Noreg og Tyskland har inngått eit strategisk samarbeid om anskaffing og felles drift av nye ubåtar. Samarbeidet vil omfatte mellom anna utdanning, trening, vedlikehald, oppdateringar og oppgraderingar gjennom levetida.

Eksisterande anlegg for vedlikehald av ubåtar ligg i Laksevåg. Dette anlegget er tilpassa dagens Ula-klasse og let seg ikkje tilpasse dei nye ubåtane som er større, både i lengde og bredde, og meir teknisk avanserte enn dagens ubåtar. Det er difor behov for å etablere ein ny vedlikehaldsfasilitet  som skal ivareta behovet for vedlikehald av dei fire nye norske ubåtane. Som del av det strategiske samarbeidet med Tyskland om ubåtar, skal også to nye tyske ubåtar få utført vedlikehald på Haakosnvern. Planen er at vedlikehaldsfasiliteten med tilhøyrande kaianlegg blir etablert inne på Sjøforsvaret si hovudbase,  Haakonsvern.

Den tilrådde løysinga for ubåtvedlikehald skal oppnå høgast mogleg grad av teknisk tilgjenge av dei fire nye norske og to nye tyske ubåtane, til ein kostnadseffektiv pris. Vedlikehaldsløysinga omfattar ein moderne fasilitet tilpassa vedlikehaldsbehovet til dei nye ubåtane. Denne skal ha ein tilstrekkelig og fleksibel arbeidsstyrke med ei kjerne av ubåtekspertar, som er støtta av lokal og internasjonal industri, og som gjer nytte av moderne prinsipp og metodar for vedlikehald.

Byggeprosjektet som vert lagt fram for Stortinget si godkjenning omfattar etablering av eit bygg med to vedlikehaldshallar med tilhøyrande verkstad og lager, eit administrasjonsbygg med kontor og møterom, eit kaianlegg og utomhusanlegg. Kaianlegget inkluderer skipsheis og kaihus for klargjering av ubåtane før tokt. Utomhusanlegga omfattar transportsystem og infrastruktur. Prosjektet er planlagd ferdigstilt i 2026.

Oppgradering av Utrustningskaia

Utrustingskaia på Haakonsvern har skadar i betongen som følgje av korrosjon på armeringa. Dette gjer det naudsynt å gjennomføre åtgjerder slik at tilstanden ikkje vert forverra og får konsekvensar for den vidare bruk av kaia. Anlegget for landstraum og arrangementet for fendring må og reparerast.

Ei oppgradert utrustingskai vil saman med hovedkaia sikre tilstrekkeleg kapasitet for djuphamn ved Haakonsvern. Oppgraderinga vil medverke til mindre miljøbelastning som følge av redusert bruk av hjelpemotorar for tilverking av elektrisk kraft om bord.

Utrustningskaia er dimensjonert for anten fregattar eller KNM Maud, Sjøforsvarets nye logistikkfartøy.