Helleland og Hauglie ser på ny foreldrepengeordning
Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie ser på når gravide Silje-Anette Kvitvik fyller ut den nye foreldrepengesøknaden.

- Det har vore altfor vanskeleg å søke om foreldrepengar. No skal ein kunne sitte heime i sofaen og fylle ut alt på nett, framfor kompliserte søknadsskjema som det har vore tidligare, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

- Det beste med dette systemet er at det er veldig lettvint for dei som søkjer, det reduserer risikoen for feil og det frigjer mange ressursar for NAV, som dei i staden kan bruke på å hjelpe dei som treng det, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

Måndag møtte dei to statsrådane NAV-direktøren og nokre nybakte foreldre for å teste den nye løysinga og markere at det har blitt enklare å søke om foreldrepengar.

800 000 færre skjema

Den nye heildigitale løysinga inneber mellom anna:

  • Søknadsprosessen er heilt automatisert, og du kan søke både frå PC, brett og mobil
  • Automatisk sakshandsaming – svar på sekundet i nokre tilfelle
  • Digital planleggingskalender som gjer at du kan planlegge uttaket heilt nøyaktig
  • Nye nøytrale menyar som gjer at fellesdelen ikkje automatisk hamnar på mor
  • Alt i alt vil den nye ordninga fjerne kring 800 000 skjema i året sidan inntektsskjema og stadfesting av termin vil gå automatisk

- Eg er veldig fornøgd med at ei så viktig søknadsordning har fått ei meir moderne utforming. Ei endring eg er veldig glad for er at fellesdelen no ikkje automatisk ligg på mor – ein detalj som eg håper kan vere med å få fleire menn til å ta ein større del av den betalte foreldrepermisjonen, seier barne- og likestillingsministeren.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland møter barn i Bjerkealleen Kanvasbarnehage
Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland møter barn i Bjerkealléen Kanvasbarnehage.