Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Teknologiutvikling og læring gjennom heile utdanningsløpet er tema for utdanningspolitisk toppmøte 2019

Noreg har store ambisjonar om at teknologi skal betre kvaliteten til utdanningane, men brukar vi dei moglegheitene vi har godt nok? Og kva skjer når barnehagane, skulane, høgskular og universiteta blir meir digitale? Er elevane, studentane og næringslivet førebudde på endringane?

Deltakarane på møtet er leiarar og toppar frå utdannings-Noreg.

Stad: Villa parafina, Parkveien 45 Oslo

Program måndag 11. november:

 

09:45-10:10        Registrering og opning

Møteleiar Ajfer Husejin, kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet.

10:10-10:30        Opningstale

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

10:30-11:30        Hovedinnlegg: "Evidence-Based Reform to Improve Achievement Outcomes of Technology Use in Education"

Professor Robert Slavin, direktør ved Center for Research and Reform in Education ved Johns Hopkins University.

Det er planlagt tid til spørsmål og svar etter innlegget.

11:30-12:15        Lunsj

12.15-12:30        Innlegg frå panelet

Direktør for Centre for The Science of Learning and Technology og professor Barbara Wasson, PHD (Universitetet i Bergen).

Instituttleiar og professor Ola Erstad, PHD (Universitetet i Oslo).

Leiar for utdanning og forsking Ingrid Somdal-Åmodt Vinje (Abelia).

 

12:30-13:15        Samtale mellom statsrådane og panelet     

13:15-13:55        Plenumsdiskusjon      

13:55-14:00        Oppsummering og avslutning

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

 

Med dette arrangementet ønskjer vi å drøfte desse spørsmåla:

  • Korleis kan teknologi støtte læringa til barnet, elevane og studentane gjennom heile utdanningsløpet?
  • På kva måtar blir lærarrolla endra av digitalisering - i barnehagar, skular og i høgare utdanning?
  • Korleis kan utdanningsleiarar sørgje for at digitale læremiddel inngår i ei heilskapleg pedagogisk tilnærming?
  • Kva gjer ny teknologi med krava til forsking og innovasjon?
  • Korleis kan vi stimulere til eit godt samarbeid mellom utdanningssektoren og næringslivet for utdanningsteknologi?

Kontakt:
Dersom pressa ønskjer å delta, kan dei ta kontakt med rådgjevar Martin B. Andersson på tlf. 993 63 118, eller [email protected] for nærare avtale.

Til toppen