Noreg og Sverige utvidar politisamarbeidet

Politiets beredskapstropp og tilsvarande spesialeining i Sverige vil i framtida kunne bistå kvarandre operativt under terrorhendingar og andre krisesituasjonar.

Sveriges justisminister Morgan Johnsson (til venstre) og Norges ambassadør til Sverige, Christian Syse, signerte avtalen i Stockholm i dag.
Sveriges justisminister Morgan Johnsson (til venstre) og Norges ambassadør til Sverige, Christian Syse, signerte avtalen i Stockholm i dag.

Avtalen blei i dag signert i det svenske justisdepartementet. Erklæringa om sluttføring av forhandlingane blei signert av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) under Nordisk justisministermøte i Lund 1. juni 2018. 

– Eg er glad for at vi no har sikra at det er mogleg med eit effektivt samarbeid mellom innsatseningane i krisesituasjonar, seier Tor Mikkel Wara.  

Avtalen betyr at Noreg og Sverige kan anmode om bistand frå kvarandres nasjonale beredskapsressursar i situasjonar som terrorhendelsar, gisseltakingar, kapringar og liknande grov kriminalitet.

– Med eit utvida politisamarbeid i Norden forbetrar vi moglegheitene for å førebygge, forhindre og oppklare kriminalitet som skjer på tvers av landegrensene, seier justisministeren.

Til toppen