Regjeringa vil at fleire studentar frå det globale sør skal kome på utveksling

No blir det lyst ut 170 millionar kroner til prosjekt for å fremme studentutveksling gjennom NORPART-programmet.

- Dette programmet bidreg til utveksling av studentar gjennom institusjonar i Noreg som allereie har samarbeid med utdanningsinstitusjonar i det globale sør. Det bidreg til å kvalitetssikre opphalda på ein god måte. Pengane vi lyser ut no vil bidra til at vi får på plass endå fleire prosjekt som vil auke studentutvekslinga til Noreg dei neste åra, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

NORPART-programmet støttar langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar her heime og 40 fokusland for norsk utviklingssamarbeid og partnarland med utstrekt eksisterande akademisk samarbeid med Noreg.

- Regjeringa er oppteken av å styrke satsinga på høgare utdanning og forsking i samarbeid med utviklingsland. Utdanning er sjølve grunnmuren for berekraftig utvikling og NORPART-programmet bidreg til å auke kvaliteten både i norsk høgare utdanning og hos partnarinstitusjonane i det globale sør, seier bistands- og utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF).

NORPART blir finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Meir om NORPART