Norsk-kinesisk avtale om landbruksforsking

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og det kinesiske landbruksakademiet CAAS (Chinese Academy of Agricultural Science) har i dag underteikna ei intensjonsavtale om vidare samarbeid innan landbruksforsking. Avtalen omhandlar mellom anna forsking og teknologiutvikling knytta til matsikkerheit, mattryggleik og eit klimasmart og berekraftig landbruk. Avtalen skaper moglegheiter for at også Veterinærinstituttet kan kome med i samarbeidet framover.

– Eg er imponert over den posisjonen NIBIO har fått i Kina gjennom sitt systematiske og fagleg samarbeid sidan 2004. Avtalen dei no har teikna med CAAS svarer på Regjeringa sin strategi for høgare utdanning og internasjonalt forskingssamarbeid. NIBIO bidrar til eit viktig internasjonalt kunnskapsnettverk og auka framtidig kompetanse i landbruket. Eg er og særs nøgd med at Veterinærinstituttet blir trukke inn som partnar i avtalen. NiBIO og CAAS er innovative institusjoner, som har sett seg mål å vere i front i verda på mange område innan landbruksretta forsking og teknologiutvikling, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Administrerande direktør i NIBIO, Nils Vagstad og Wan Jianmin, visepresident i CAAS ved signeringa av ei intensjonsavtale om landbruksforsking. Bak frå venstre: Kinas ambassadør til Norge Wang Min, forskningsminister i Kina Wan Gang, statsråd Torbørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad.
Administrerande direktør i NIBIO, Nils Vagstad og Wan Jianmin, visepresident i CAAS ved signeringa av ei intensjonsavtale om landbruksforsking. Bak frå venstre: Kinas ambassadør til Norge Wang Min, forskningsminister i Kina Wan Gang, statsråd Torbørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad. Foto: Stian Stang Christiansen/Kunnskapsdepartementet

Arktisk forskingssamarbeid

På NIBIOs forskingsstasjon på Svanhovd skal NIBIO mellom anna i samarbeid med Kina, forske på arktiske økosystem med deira biologiske moglegheiter, uoppdaga potensial og uutnytta ressurser. Avtalen legg og eit løp for å utvikle eit felles senter for arktisk klima, økosystemforsking og innovasjon med utgangspunkt i stasjonen i Sør-Varanger. 

– Eg ønskjer NIBIO sitt initiativ på Svanhovd i Finnmark velkommen. Nordområda er eit unikt laboratorium for å utvikle meir kunnskap om klimaendringer og deira konsekvenser – men og nye moglegheiter innan landbruket i nord, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Forskingssamarbeidet har støtte frå Landbruks- og matdepartementet, Noregs Forskingsråd, det kinesiske landbruksdepartementet og vitskaps- og teknologidepartementet i Kina. 

Handlingsplan for samarbeid

Avtalen ble underteikna under et møte mellom kunnskapsminister Torbjørn Rød-Isaksen og Kinas forskningsminister Wan Gang. Dei to ministrane underteikna på møtet ein handlingsplan for samarbeid om vitskap, teknologi og innovasjon. Landbruk, matsikkerheit og mattryggleik er blant fleire prioriterte område i handlingsplanen.