Historisk arkiv

Ny avtale skal styrke tilliten til barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Dei siste åra har barnevernet fått kritikk både nasjonalt og internasjonalt. No tek Kommunesektorens sentralorganisasjon (KS) og Barne- og familiedepartementet grep for å styrke tilliten til barnevernet gjennom ein felles avtale.

– Barnevernet er avhengig av eit godt omdøme for å kunne rekruttere flinke folk og utføre jobben sin på ein god måte.  Difor er eg glad for at samarbeidsavtalen med KS om å styrke tilliten til barnevernet er på plass, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

– Barnevernet er avhengig av tilliten til befolkninga for å få utført arbeidet sitt. Utan tillit er det vanskeleg å nå barna og familiane og få gitt den hjelpa barna treng. Både sentrale og lokale styresmakter har ei viktig rolle i å styrka og verna denne tilliten. Difor er det bra at vi no har fått på plass denne avtalen. Eg ser fram til å følgja opp arbeidet med dei konkrete tiltaka, i samarbeid med Barne- og familiedepartementet, seier styreleiar i KS, Bjørn Arild Gram.

Utfordrar samfunnsmandatet

Kritikken mot barnevernet påverkar omdømet til barnevernet og folk si tillit til barnevernet sine tenester. Kritikken har blitt ytterlegare forsterka gjennom EMD-sakane og domane mot Noreg. KS fryktar for rekrutteringa og at eit negativt omdøme kan gjere det vanskelegare for barnevernet å utføre sitt samfunnsmandat.

KS og Barne- og familiedepartementet har difor blitt einige om ein samarbeidsavtale som skal ta hand om utfordringane knytt til barnevernets omdøme. Avtalen gjeld for perioden 2020-2023. Han blei signert av barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og styreleiar Bjørn Arild Gram for KS på det bilaterale konsultasjonsmøtet 7. desember 2020.

Avtalen kjem i tillegg til det pågåande arbeidet med å forbetre kvaliteten på barnevernets tenester:

  • Ny barnevernslov som vil auke kvaliteten i barnevernet, og styrke rettane til dei barna som trenger det aller mest.
  • Heving av kompetansen for dei tilsette i barnevernet.
  • Utvikling av fosterheimspolitikken.
  • Tiltak opp mot kommunane og fylkesnemndene for å følgje opp EMD-domane.
  • Betre samarbeid mellom barnevernet og helsetenestene i kommunane.
  • Utvikling av digitale løysingar som vil bidra til auka kvalitet og effektivitet i tenestene.

Slik skal avtala styrke tilliten

Samarbeidsavtalen har som mål å styrke tilliten til barnevernet gjennom følgande innsatsområde:

  • Å tydeleggjere det nasjonale og lokalpolitiske ansvaret for barnevernet.
  • Framheve kor viktig arbeidet til barnevernet er for samfunnet.
  • Formidle faktakunnskap om barnevernet.
  • Synleggjere verdiar og normer som er styrande for barnevernet.
  • Løfte fram døme på god praksis i det daglege barnevernsarbeidet.

Barne- og familiedepartementet og KS vil samarbeide om å nå måla. Dette inkluderer både felles initiativ og eigne initiativ. Avtalen vil bli gjennomgått årleg, og resultata evaluert, i regi av konsultasjonsordninga. Med i avtalen er at det vert etablert ei koordineringsgruppe på administrativt nivå. Avtalen gjeld for perioden 2020-2023.